Volda Stadion ligg i Volda i Volda kommune i Møre og Romsdal. Volda Stadion er heimearena for VTI Fotball sine lag og høyrer til Sunnmøre Fotballkrets. Anlegget består av ein hovudarena med kunstgrasdekke (100x62 meter) med flaumlys, tribuneplass til ca. 2.000 og takoverbygg. Vidare av ein B-arena med internasjonale mål (kunstgras) og flaumlys, ei sjuarbane (kunstgras) og eit treningsfelt med grusdekke (90x45 meter). Det er Volda TI Fotball som har bygd, eigd og driv anlegget.

Publikumsrekorden er på ca. 5.000 og vart sett i ein 3. divisjonskamp mot Ørsta IL i 1988.

Utbygginga av Volda Stadion starta med grasbane på hovudarenaen som opna i 1956. Denne vart seinare bygd ut med løpebaner for friidrett (grusdekke) og eit treningsfelt med grusdekke. I 1980-åra vart anlegget bygd ut med klubbhus og tribuner. I 2001 fekk treningsfeltet kunstgrasdekke og om lag samtidig vart det teke i bruk eit nytt treningsfelt med grusdekke. I 2007 vart den gamle hovudareanen med naturgrasdekke lagt om til kunstgrasdekke med plass til ei ellvarbane og ei sjuarbane. Det tidlegare friidrettsanlegget vart dermed sanert etter at det ikkje hadde vore i bruk på mange år. I 2010 fekk delar av tribuneanlegget takoverbygg og samtidig vart det montert plaststolar som vart kjøpt brukt frå Sandefjord.

I 2014 vart Volda Stadion utvida ved at fotballhallen Mørehallen vart opna på Stadion. Mørehallen er ein isolert sjuarhall for fotball, bygd i stål og med kunstgrasdekke. Hallen har gassoppvarming.

Adresse er Stadionvegen, 6100 Volda.

Bakgrunnsstoff endre