Volda lærarhøgskule
lærerskule i Noreg
Volda lærarhøgskule er ein tidlegare høgskule for lærarutdanning, etablert i Volda i 1895. Skulen vart som følgje av høgskulereforma frå 1. august 1994 slått saman med Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda til Høgskulen i Volda.
Skulen var frå starten eit privat drive lærarseminar, men vart offentleg skule frå 1924. Før lærarseminaret vart etablert var det frå 1861 til 1880 ein Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere.