Volker Beck
Volker Beck (fødd 30. juni 1956) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Nordhausen som vart olympisk meister på 400 meter hekk under Sommar-OL 1980 i Moskva. I dei same leikane fekk han sølv i 4 x 400 med Aust-Tyskland.
Volker Beck | |
![]() | |
Fødd | 12. desember 1960 (62 år) Stuttgart |
---|---|
Statsborgar av | Tyskland |
Parti | Bündnis 90/Die Grünen |
Yrke | politikar, miljøvernar, LHBT-aktivist |
Utdanna ved | Universität Stuttgart |
Ektefelle | Jacques Teyssier |
Medlem | Pizza-Connection Innenausschuss Wahlprüfungsausschuss Bundesverband Homosexualität Bundesarbeitsgemeinschaft Schwulenpolitik Lesben- und Schwulenverband in Deutschland |
AktivEndra
Beck vann i 1977 400 m hekk ved europacupen for landslag i Helsinki, med tida 48,90 sekundar vart han den fyrste tyskaren under 49 sekundar i øvinga. Seinare i same sesongen forbetra han den austtyske rekorden til 48,83 då han vart nummer to på langhekken i verdscupen i Düsseldorf, der han også kom på andreplass på 400 med tida 45,50.
Den 4. august 1979 sprang Beck det fortaste på 400 m hekk nokon gong då han i Torino vart tredjemann i europacupen med tida 48,58 sekundar. Året etter vann han gullmedaljen på 400 m hekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva, med tida 48,70 kom i mål 0,16 sekund framom Vassyl Arkhipenko frå Sovjetunionen. Beck sprang i same leikane den siste etappen for Aust-Tyskland i 4 x 400 meter stafett, der han på oppløpssida måtte sjå seg forbigått av Sovjetunionen sin ankermann, olympisk meister på 400 m Viktor Markin, slik at Aust-Tyskland enda opp med sølv, 0,18 sekund bak det sovjetiske laget.
I 1981 vann Beck langhekken i europacupen på tida 48,94. Han vart elles austtysk meister på 400 m hekk i 1980, 1981 og 1983.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Volker Beck» frå Wikipedia på tysk, den 2. juni 2018.