Viktor Fjodorovitsj Markin (fødd 23. februar 1957) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Novosibirsk som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 400 meter i 1980 og vann også gull i 4 x 400 m stafett under dei same leikane, så vel som i VM i friidrett 1983.

Viktor Markin
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 23. februar 1957 (67 år)
Oktjabrskij
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv endre

Markin sette personleg rekord på 400 meter med tida 46,96 sekundar i Sotsji den 27. mai 1980. Vel to månader seinare, i byrjinga av juli månad, forbetra han bestetida si med over halvtanna sekund til 45,34 i eit stemne på Leinin-stadion i Moskva. Under dei olympiskesommarleikane på den same arenaen i slutten av same månaden tok han seg greitt til finalen på 400 m. I finalen den 30. juli opna han i moderat tempo og låg i byrjinga av oppløpssida ei tre meter bak mannen i tet, austtyskaren Frank Schaffer. Etter ein formidabel spurt vann Markin gullmedaljen og sette samstundes ny europarekord med tida 44,60 sekundar. Sølvmedaljen kneip australiaren Rick Mitchell, hårfint framom Frank Schaffer. To dagar etter tok Markin ein ny gullmedalje då han på ankeretappen sprang det sovjetiske laget i 4 x 400 m stafett inn til siger, knappe to tidels sekund føre Aust-Tyskland. Remigijus Valiulis, Mikhail Linge og Nikolaj Tsjernetskik tok seg av dei tidlegare etappane for Sovjetunionen.

Etter Moskva-leikane konsentrerte Markin seg om medisinstudiar. Han deltok i 1982 i europameisterskapen i Aten og fekk med seg heim bronsemedaljar både på 400 m og på den lange stafetten, i den individuelle tevlinga kom han 0,01 sekund bakom sølvvinnaren. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, som fann stad i Helsinki i august 1983, vart Markin slått ut i semifinalane på 400 meter med minst mogleg margin. Han og USA-amerikanske Sunder Nix fekk same tid i den andre og siste semifinalen, 45,73, men Nix vart dømd framom og kapra den siste finaleplassen som fjerdemann i heatet. Derimot lukkast Markin som ankermann å springe Sovjetunionen, som elles bestod av Sergej Lovatsjov, Aljaksandr Trosjtsjila og Nikolaj Tsjernetskik, inn til eit nytt meisterskapsgull i 4 x 400 stafett.

Markin la opp etter Sovjetunionen valde å boikotte Sommar-OL 1984 i Los Angeles.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 400 m – 44, 60, framom Rick Mitchell (44,84) og gull på 4 x 400 m stafett
  • EM 1982 i Aten: Bronsemedaljar på 400 m – 45,30, og 4 x 400 m stafett
  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 4 x 400 m stafett, utslått i semifinalane på 400 m (45,73 =nr 9)

Kjelder endre