Volskarane (latin: Volsci) var ei italisk stamme. Volskarane kom truleg frå sentralt i Apenninane og invaderte tidleg på 400-talet f.Kr. låglandet ved den sørlege delen av det som i dag er Lazio og nord i Campania. Dei tok over kystbyane Antium (i dag Anzio), Circeii, og Tarracina og bygde ut desse. Dei var i strid med romarane, stundom saman med ekverane. Romarane fekk overtaket kring hundreårsskiftet og tvinga volskarane attende. Ved kysten vart dei endeleg tvinga inn under romersk styre av Gaius Maenius i år 338 f.Kr., og i innlandsområdet under samnittarkrigane.

Kart over volskiske busetjingar (raude namn)

Volskarane tala eit mål som var nærskyldt oskisk og umbrisk.

Kjelder endre

«volskere - volsci» av Øivind Andersen og Jon Wikene Iddeng i Store norske leksikon, snl.no. Henta 28. juni 2020.

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.