Volumeter
apparat for å måle volum av pulvermengd
Volumeter eller volumenometer er eit apparat til å avgjere volumet av pulvermengder. Målinga er basert på Boyle-Mariotte-lova. I ei luftmengd avsperra over kvikksølv, blir trykket målt ved to (el. fleire) kjende volum. Deretter blir pulveret ført inn og målingane blir gjenteke. Då luftvolumet no er forminska med volumet av pulveret, får ein andre talverdiar, og av dette kan det søkte volumet bereknast.
Kjelder
endreVolumeter. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/volumeter.