Voorne-Putten
(Omdirigert frå Voorne)
Voorne-Putten er ei øy mellom Nordsjøen og Brielse Meer og elvane Oude Maas, Spui og Haringvliet i provinsen Zuid-Holland i Nederland. Voorne-Putten består av dei to tidlegare øyane Voorne (den største, vestlege delen) og Putten (den mindre, austlege delen). Elva Bernisse rann tidlegare mellom desse to øyane før ho mudra til og dei to øyane vart ei øy. Nyleg har elveleiet vorte mudra opp og dei to øyane er igjen vorte fråskilde.
Voorne-Putten | |||
øy | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Voorne-Putten 51°52′00″N 4°10′00″E / 51.866666666667°N 4.1666666666667°E | |||
Plasseringa i Zuid-Holland
| |||
Wikimedia Commons: Voorne-Putten |
Nordsjøkysten av Voorne har verdifulle naturreservat i form av sanddyner. Resten av øya er stort sett ein jordbruksregion. Den største byen på øya er Spijkenisse.
Voorne-Putten består av kommunane:
- Voorne:
- Bernisse (Heenvliet, Abbenbroek, Oudenhoorn og Zuidland)
- Brielle)
- Hellevoetsluis
- Westvoorne
- Putten:
- Bernisse (Geervliet og Simonshaven)
- Spijkenisse
Voorne-Putten grensar til
- øya Rozenburg i nord på andre sida av Brielse Meer (demning og bru)
- øya IJsselmonde i nordaust på andre sida av Oude Maas (bru og undergrunnstunnel)
- øya Hoeksche Waard i søraust på andre sida av Spui (ferje)
- øya Goeree-Overflakkee i sør på andre sida av Haringvliet (demning)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Voorne-Putten» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.