Vormedalen
Vormedalen er ei bygd i Hjelmeland kommune. Namnet kjem av elva Vormo, eller Vormovassdraget, som renn gjennom bygda. Dei fleste som bur i bygda er involvert i landbruk, medan det vert òg drive med kveiteoppdrett i Tøtlandsvik og turisme, då særskild gardsturisme. Folketalet var per 1. januar 2010 på 93 innbyggjarar.
Bygda eit bedehus, men både skule og barnehage vart lagt ned i løpet av 1990- og 2000-talet.