Vorskla (russisk og ukrainsk Ворскла) er ei elv i Belgorod oblast i Russland og Poltava og Sumy oblast i Ukraina, og ei av sideelvane til Dnepr frå venstre. Vorskla har ei lengd på 464 km og eit nedslagsfelt på 14 700 km².

Vorskla
Ворскла
elv
Vorskla i Poltava
Land  Russland,  Ukraina
Nedslagsfelt 14 700 km²
Lengd 464 km
Middelvassføring 95,7 /s
Kjelde Det sentralrussiske høglandet i Belgorod oblast, Russland
Munning Dnepr i Ukraina
Kart
Vorskla
50°54′31″N 36°26′55″E / 50.908585°N 36.448742°E / 50.908585; 36.448742
Wikimedia Commons: Vorskla River

Ho har kjelda si på Det sentralrussiske høglandet, nordvest for Belgorod. Ho renn sørvestover frå kjelda og inn i Ukraina og munnar ut i Dnepr gjennom eit stort delta på nordsida av Dniprodzerzjynsk-reservoaret. Dei viktigaste sideelvane hennar er Vorsklytsja, Velykyj Kobeljatsjok, Poluzirja, Kustolova, Boromlja, Merla, Kolomak og Takhamlik.

Langs Vorskla ligg mellom anna byane Poltava, Novi Sanzjary, Okhtyrka og Kobeljaky i Ukraina og Grajvoron og Stroitel i Russland. Elva er seglbar frå munningen til Kobeljaky.

I 1399 vart slaget ved Vorskla utkjempa i området. I 1709 vart byen Poltava ved Vorskla omleira av Karl XII under Slaget ved Poltava.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre