Voss Resort Fjellheisar er eit skisenter som ligg i Bavallen i Voss i Vestland. Skisenteret ligg om lag 5 km frå Voss sentrum, og litt over 1 times køyring frå Bergen.

Voss Resort Fjellheisar har 10 skitrekk, 3 stolheisar og 23 nedfartar.[treng kjelde] Den lengste nedfarten er på 5200 meter.[1] Her er òg to snowboardpark og tre barneområde.

Historikk endre

Det fyrste skitrekket i Bavallen vart sett opp i 1947. Då heitte eigarskapen L/L Voss Skitrekk, men vart teken over og drifta av Voss Ski- og Fjellheisar i 1963. Den fyrste stolheisen vart opna i Bavallen i 1973.

Desember 1999 tok Norlandia over Voss Fjekkheisar AS, som dermed vart ein del av Voss Resort-konsernet i 2007.[2] Selskapet er eigd av Voss Resort AS.

Kjelder endre

  1. «Voss Resort Fjellheisar AS». Alpinanleggenes Landsforening. Henta 19. januar 2014. 
  2. «Om Voss Resort». Voss Resort AS. Henta 19. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff endre