Vossavangen

(Omdirigert frå Vossevangen)

Vossavangen eller Vossevangen, ofte kalla berre Vangen, er ein tettstad og kommunesenteret i Voss herad. Staden ligg der Raundalselvi og Strandaelvi renn saman i Vosso ved Vangsvatnet. Skulestadmoen, like nord for og nesten samanvaksen med Vossevangen, er likevel definert som eigen tettstad av SSB.

Vossavangen
tettstad
Austenden av Vangsvatnet, Vossavangen, elva er Vosso. Utsyn nordover.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Areal 3,89 km²
Folketal 6 965  (2023)
Folketettleik 1 790 / km²
Postnummer 570x VOSS
Innbyggjarnamn Vangar
Preposisjon Vossavangen
Kart
Vossavangen
60°37′43″N 6°24′53″E / 60.62869°N 6.41474°E / 60.62869; 6.41474
Wikimedia Commons: Vossevangen

På Vangen ligg Voss stasjon ved Bergensbanen. Stasjonen ligg 56,5 meter over havet og vart opna i 1883, då Vossebanen frå Bergen opna. Vossavangen har fleire vidaregåande skular: Voss gymnas, Voss vidaregåande skule, Rogne vidaregåande skule og Voss husflidsskule, i tillegg til Voss folkehøgskule. Her ligg òg Voss ungdomsskule og barneskulane Vangen skule, Gullfjordungen skule og Gjernes skule. Vossavangen har òg sjukehus, Fylkessjukehuset på Voss.

Voss kyrkje, ei steinkyrkje frå om lag 1277, ligg på Vossavangen, og er i bruk som soknekyrkje. I tettstaden finst òg eit forsamlingshus for pinsevenner og eit katolsk kapell.

Gondolbanen Hangursbanen fører frå Vossavangen opp på Hanguren med turløyper sommar og vinter, og alpinanlegget til Voss ski- og fjellheisar. Vossavangen er ein turiststad både sommar og vinter, og har fleire hotell. I utkanten av tettstaden mot vest ligg Finnesloftet, ein trebygning frå 1295, som er eigd av Fortidsminneforeningen. I åssida over sentrum ligg Voss folkemuseum med eit bevart klyngetun, Mølstertunet, med bygningar frå to gardsbruk, frå 1600-talet til 1800-talet.

Tettstaden voks opp rundt soknekyrkja og prestegarden på ei flate ved Vangsvatnet. I april 1940 vart staden lagt i ruinar av tyske brannbomber, som øydela det meste av dei gamle trebygningane som dominerte før krigen. Mellomalderkyrkja var ein av få bygningar i sentrum som overlevde bombinga uskadd. Sentrum vart bygd opp att med nytt gatenett etter krigen, og er no prega av 1950-tals murarkitektur.

I dei siste tiåra har det blitt etablert fleire musikkfestivalar på Voss, der dei mest kjende er Vossajazz og Ekstremsportveko, som er basert på Vossavangen.

«På Vossevangen der vil eg bu» er ein song om Voss og Vossavangen.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling på Vossevangen
År Innbyggjarar
1865
  
153
1875
  
165
1890
  
998
1900
  
1 215
1910
  
1 742
1920
  
3 110
1930
  
2 725
1946
  
3 011
1950
  
3 134
1960
  
4 240
1970
  
5 944
1980
  
6 220
1990
  
5 749
2000
  
5 344
2009
  
5 860
2012
  
5 993
Kjelder:

Ein del av folketapet i 1980- og 1990-åra kjem av utbygging og folkeauke på andre stader i kommune, t.d. Skulestadmoen

  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.