Voto (boto) er eit utdøydd chibchansk språk. Det vart snakka av votoane som heldt til på slettelandet nord i Costa Rica, på begge sider av Río San Juan. Voto var sannsynlegvis nært beslekta med maleku og rama, og har gjeve namnet til den votiske undergruppa av den chibchanske språkfamilien.

Namnet til elva Sarapiquí kjem kanskje frå voto.[1]

Kjelder endre

  1. Quesada Pacheco, Miguel Ánge: Toponomía indígena de Costa Rica. Revista de filología y lingüística de la Universidad de Costa Rica. 2006:32 s. 209