Maleku
Maleku (malécu jaíca eller maléku jaíka, òg kjend som guatuso) er eit chibchansk språk som vert tala av i overkant av 200 malekuar i Guatuso i det nordlege Costa Rica. Maleku er rekna som eit truga språk ettersom det har få brukarar og desse har ein tendens til å gå over til å snakka majoritetsspråket spansk. Malekuane levde isolert fram til midten av 1800-talet, og det er blitt gjort relativt lite forsking på språket. Maleku har ein rik munnleg forteljartradisjon.
Maleku malécu jaíca / maléku jaíka | ||
Klassifisering | Chibchansk Votisk Maleku | |
Talarar | malekuar | |
Bruk | ||
Tala i | Costa Rica | |
Område | Guatuso | |
Malekutalande i alt | 200–300 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | gut |
Maleku har eit forholdsvis enkelt fonemsystem. Verbalsystemet er ergativt, og verba blir hovudsakleg bøygde modus. Substantiva blir markerte for flertall, men ikkje for bestemtheit, og dei blir ikkje bøygde i kasus. Språket har inga fast ordstilling, men den mest grunnleggjande rekkjefølgja er ergativ–absolutiv–verbal.
Teksteksempel
endreDette tekstutdraget er starten på skapingsforteljinga til malekuane, slik ho er er fortald i boka Laca majifijica («Jordas omforming»).[1] Ho handlar om første gongen gudane, som held til ved kvar sin elveende, møter kvarandre. «Huset» er ein metafor for verda.
Nini chíuja ní maráma anhé cocá, |
Slik oppførte dei seg særskild tidlegare, |
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Maleku» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Fotnotar
- ↑ Constenla Umaña, m.fl. (1993), s. 67
Litteratur
endre- Constenla Umaña, Adolfo; Eustaquio Castro C.; Antonio Blanco R. (1993). Lacá majifíjicá – La transformación de la tierra. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica.