Rama er eit chibchansk språk som vert snakka av rama-folket på øya Rama Cay og sør for Bluefields ved atlanterhavskysten i Nicaragua. Tidlegare vart det òg snakka i Costa Rica. Språket er sterkt utrydningstrua. Det hadde totalt 36 brukarar i 1992, av dei fire på Rama Cay.[1] Rama er eitt av dei nordlegaste chibchanske språka. Det nærast beslekta nolevande språket er maleku.

Rama
Klassifisering Chibchansk
 Votisk
  Rama
Bruk
Tala i  Nicaragua
Ramatalande i alt Maks 36
Språkkodar
ISO 639-3 rma

Kjelder endre

  1. Craig, Colette (1992).

Bakgrunnsstoff endre