Vozje
Vozje, òg kalla Tsjarondskoke (russisk Воже, Чарондское), er ein innsjø nord i Vologda oblast i Russland. Han har eit areal på 416 km². I snitt er han 2 meter djup og ned mot 4,5 meter på det djupaste. Vozje renn ut i Svid som renn vidare til Latsja, der Onega har kjelda si. Innsjøen ligg i eit slettelandskap og breidda er lågtliggande og myrlendt. Det renn om lag tjue elvar ut i Vozje, inkludet Vozjega og Modlona. Innsjøen frys til i oktober eller november og er isdekt fram til mai. Enkelte delar av han vert botnfryst.
Vozje | |||
innsjø | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Vozjega, Modlona | ||
Utløp | Svid | ||
Nedslagsfelt | 5 870 km² | ||
Areal | 416 km² | ||
Middeldjupn | 2 m | ||
Tilfrosen | Oktober/november - mai | ||
Koordinatar | 60°35′22″N 39°5′33″E / 60.58944°N 39.09250°E | ||
Vozje 60°35′22″N 39°05′33″E / 60.589444444444°N 39.0925°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Vozhe |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Vozhe» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2008.