Vrýkhon (gresk Βρύχων, moderne form Βρύχωνας Vrýkhonas) er eller var namnet på to små elvar i Hellas. Ei av dei renn frå fjellet Pílio i Magnisía i Thessalía og ut i Pagastikósbukta. Ho har hatt dette namnet sidan antikken og ei bru over elva vert rekna som den eldste brua i Hellas av armert betong, konstruert for ei jernbanelinje i 1885.

Den andre elva skal ha vore på Sithoníahalvøya i Khalkidikí, nær Pallene.

Ifølgje antikk mytologi var elveguden med same namn ein alliert av gigantane i krigen deira mot gudane, som i følgje enkelte kjelder fann stad ved Pallene.

Kjelder endre