Vrangsida viser i bokstaveleg tyding til den sida av noko som normalt ikkje skal visast, som innsida av klede eller baksida av dekorerte tøystykke. Å ha noko på seg på vranga vil seia at innsida av klede vender ut. Å vera (v)rang eller venda vrangsida til kan også brukast i overført tyding om nokon som er lite medgjerlege.

Bilete av ei lusekufte der vrangsida er vend ut på fremre halvdelen.
Foto: Ranveig Thattai

Ei vrangside oppstår ved at trådar og liknande som ikkje høyrer til på framsida av ein gjenstand blir gøymde vekk på baksida. Framsida blir sjåande forseggjort og fin ut, medan utsjånaden på baksida blir meir tilfeldig.

Bruk endre

Klede kan brukastt med vrangsida medvite for å markera noko uvanleg, til dømes i samband med sorg, magi som ein protest, eller umedvite ved at ein distré tek på seg eit plagg feil veg.[1] Til dømes kunne samiske noaidar vrenga klede for ein seanse.[2] Vrengde klede blei også brukt som verkemiddel innan pønkemoten.[3]

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre