Vretstorp
59°1′20″N 14°52′10″E / 59.02222°N 14.86944°E Vretstorp er ein svensk tettstad i Hallsbergs kommun i Örebro län i landskapet Närke. I år 2005 hadde tettstaden 841 innbyggjarar, og ei geografisk utstrekning på 184 hektar.[1]
Vretstorp voks fram som viktig lokal tettstad då jernbanen blei utbygd frå Hallsberg over Tiveden til Västergötland på slutten av 1800-talet. Då tettstaden hadde stordomstida si på byrjinga av 1900-talet var det mellom anna produksjon av treskeverk i Vretstorp. I dag er Vretstorp eit av få område i Hallsbergs kommun som opplever auke i folketalet, og den lokale barneskulen har blitt bygd ut fleire gonger.
Vretstorp høyrer til kyrkjesognet Viby församling i Strängnäs stift.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vretstorp» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Statistikk frå SCB: Tätorter; arealer, befolkning 2005 (svensk)