Joik
(Omdirigert frå Vuelie)
Joik er den tradisjonelle folkelege songen til samane. Joiken er oftast svært lydmålande. Alle samiske språk har omgrep for å joika, juoigat. Joik heiter vuelie på sørsamisk, vuolle på lulesamisk, luohti på nordsamisk og levd på austsamisk.[1]
Songane handlar ofte om kjærleik og relasjonar. Ein joik kan beskrive ei vakker jente eller ein kjekk gut som songaren synest om – eller for den del ein rival som songaren ikkje synest like godt om. Det er mykje kjensler, glede og sorg i joiken. Joiken kan òg synast med eit religiøs siktepunkt.
Språkleg sett er verbet «å joike» transitivt, det vil seie at ein talar om å «joike ei jente» snarare enn å «synge ein joik om ei jente» .
Variasjonar
endreDet finst mange ulike stilar innan joik.
- Den sørsamiske joiken vert kalla vuollie og har i dag eit alderdommeleg preg, sidan utviklinga av musikken stoppa opp ved møtet med kristendomen. Å joike vart sett på som ukultivert eller heidensk, og samane slutta for ein stor del å joike.
- Luohti er den nordsamiske varianten og i dag den mest utvikla joikstilen.
- Den austsamiske joiken vert kalla leu'dd.
Artistar
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2022) |
Bakgrunnsstoff
endre- «Jojkarkivprojektet» Arkivert 2007-12-13 ved Wayback Machine.
- Samisk joik