Nemrut (tyrkisk Nemrut Dağı; armensk Սարակն, Sarakn; kurdisk Çiyayê Nemrud) er ein sovande vulkan aust i Tyrkia, nær Vansjøen. Vulkanen er kalla opp etter kong Nimrod som vart sagt å styre dette område kring 2100 fvt.

Nemrut Dağı
fjell
Nemrut Vulcano.jpg
Satellittbilete frå 2001
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen Mansia
Høgd 2 948 moh.
Koordinatar 38°39′ N 42°14′ E
type Stratovulkan
siste utbrot 1597

Vulkanen Nemrut
38°37′10″ N 42°14′28″ E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nemrut Volcano

Nemrut ligg nær Tatvan, ein liten by i Bitlis aust i Anatolia. Fjellet ligg sørvest for Vansjøen og strekkjer seg inn i distriktet Ahlat i nord. Sist vulkanen hadde eit utbrot var i 1597.

Fjellet er 3 050 meter høg og det elliptiske krateret har ein diameter på mellom 7 og 8 km. Den vestlege delen av krateret inneheld ein stor kratersjø som er kring 155 meter djup. Denne innsjøen er kald, men det finst òg ein innsjø med langt varmare vatn, som stund når ein temperatur på 60 °C, avhengig av aktiviteten til vulkanen.

Nemrut er den sørlegaste og yngste vulkanen i rekkje vulkanar aust i Anatolia. Han er ein stratovulkan og byrja å ha utbrot i kvartærtida.[1] Utbrota til Nemrut har medverka til danninga av Vansjøen, den største innsjøen i Tyrkia.

KjelderEndra

  1. E. Aydar et al. / Journal of Volcanology and Geothermal Research 306 123 (2003) 301—312

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra