Opna hovudmenyen

Vurnon Anita

nederlandsk fotballspelar

Vurnon Anita (fødd 4. april 1989 i WillemstadCuraçao) er ein nederlandsk fotballspelar, opphavleg frå Curaçao, som spelar for Ajax i nederlandsk Eredivisie. Han har òg landskampar for Nederland.

Vurnon Anita
Vurnon-Anita.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Vurnon Anita
Fødd 4. april 1989
Fødestad Willemstad
Høgd 166 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Ajax
Nummer 5
Ungdomsklubbar
1996-97
1997-99
1999-2005
Flag of the Netherlands Antilles (1986–2010).svg CVV Willemstad
Nederland Maarssen
Nederland Ajax
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005- Nederland Ajax 44 (1)
Landslag
2008-
2010-
Nederland Nederland U21
Nederland Nederland
5 (0)
2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 15. august 2010

Anita flytta til Nederland med familien sin då han berre var åtte månader gammal, men flytta attende til Curaçao som seksåring. I 1997 flytta han igjen til Nederland med familien og begynte å spela for Ajax i 2005. Han debuterte for Nederland sitt A-landslag 26. mai 2010 i ein vennskapskamp mot Mexico. Den første landskampen i ein teljande konkurranse fekk han 7. september 2010, då han spelte frå start i ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Finland.