Vyšehrad er eit slott i Tsjekkia som ligg på ein skråning ned til Moldau. Slottet blei oppført på 900-talet. Då Praha blei utviding i 1883 blei slottet saman med området rundt innlemma i hovudstaden. Namnet blir òg brukt om bydelen omkring slottet og om sjølve skråningen.

Vyšehrad sett frå Moldau

Historie endre

Slottet blei oppført som eit forsvarsverk i første halvdelen av 900-talet litt sør for Praha-borga og på motsett side av Moldau. Begge slotta er truleg nygde av medlemmar av Přemysl-dynastiet. Frå slutten av hundreåret er det slått fast at det blei slått myntar på borgen; såleis har Boleslav II late slå myntar med teksten "Visegrad", som betyr 'høge borg'.

Dronning Dagmar av Danmark (ca. 1186–1212), kona til kong Valdemar II Siger, var fødd som prinsesse Markéta av Bøhmen som dotter av den seinare kong Ottokar I og Edel av Meissen på Vyšehrad.

Kring 1070 endra den første bøhmiske kongen, Vratislav II, residensen sin frå Praha-borga til Vyšehrad, sannsynlegvis på grunn av stridar med bror sin, biskop Jaromir. Han grunnla den første Peter og Paul-kyrkja på slottsområdet, og det tilhøyrande kollegiatkapitelet utvikla snart eit ry som eit senter for lærdom. Det blei òg oppført andre bygningar, mellom dei ein bustadbygning til Vratislav og huset hans. I åra etter dette var Vyšehrad residens for bøhmiske fyrstar (tittelen skifta mellom fyrste og konge dette året), fram til Vladislav II flytta tilbake til Praha-borga kring 1140. Slottet helddt fram endå med å ha ei viss politisk og religiøs tyding i fleire hundreår, og det blei oppført fleire bygningar i og ved slottet.

Då Karl IV kom til makta som keisar i det tysk-romerske riket på midten av 1300-talet fekk slottet igjen større tyding. Karl la vekt på den bøhmiske fortida og bandet sitt til Přemysl-dynastiet. Samstundes hadde slottet i samband med Praha-borga viktig militær tyding for vernet av Praha. Karl gjennomførte ei renovering av befestninga av Vyšehrad med blant anna 13-15 store tårn, fekk Peter og Paul-kyrkja kraftig utvida, og støtta det kulturelle livet kring kyrkja. Som ei symbolsk handling bestemte han at framover skulle ruta for kroningsturen til bøhmiske kongar ha slottet som utgangspunkt og gå derfrå mot nord over marknadsområdet, den gamle byen og Karlsbrua til Praha-borga. Dette byrja med hans eiga kroning. Sørgjetoget etter at han døydde kom også til å følgja same ruta.

 
Dvorek na Vyšehradě (1912) av Jan Bedřich Minařík

Då Karl IV døydde var Vyšehrad eit prestesenter med over hundre geistlege, og det var derfor eit viktig mål for hussitane under religionskrigane ved byrjinga av 1400-talet. I 1420 blei det erobra av hussitane, som øydela store delar av bygningane. Etter krigen var området ein slags fristad for små handverkarar, men ved motreformasjonen i byrjinga av 1600-talet blei området igjen sentrum for kollegialkapitlet.

Under Trettiårskrigen blei slottet, som militærteknisk sett etterkvart var blitt forelda, igjen svært skadd under eit åtak frå svenske troppar i 1648. Seinare blei det bygd eit eit heilt nytt festningsanlegg i barokkstil, som var bygd saman med bymuren til Praha, I ein periode deretter var Vyšehrad kaserne og treningsområde for austerrikske soldatar. I 1866 blei festninga gjeven opp, og området var heretter offisielt ein bydel i Praha. Få år seinare blei Peter og Paul-kyrkjegarden utpeikt til gravstad for tsjekkiske kulturelle stordommar, og ei lang rekke meir eller mindre kjende personar er gravlagde her.

Slottet har ein viktig plass i tsjekkisk kultur, noko ein mellom anna ser gjennom at det første av dei symfoniske dikta i Beitřich Smetana sitt verk Má vlast nettopp heiter «Vyšehrad».

Verdt å sjå endre

Peter og Paul-kyrkja endre

 
Peter og Paul-kyrkja

Kyrkja fekk si første viktige utforming under Karl IV, men i 1880-åra blei ho kraftig renovert, og såvel utsida som innsida viser resultatet av denne ombygginga. Blant attraksjonane er eit måleri av jomfru Maria, den såkalla "Vyšehrad-Madonna", som stammar frå Karl IV si tid.

Kyrkjegarden endre

 
Kyrkjegarden i Vyšehrad

Her finn ein gravstadar for kulturpersonlegdommar som Antonín Dvořák, Beitřich Smetana, Alfons Mucha, Rafael Kubelík og Jan Neruda.

St. Martin-rotunden endre

 
St. Martin-rotunden

Denne rotunden er den einaste bygningen på Vyšehrad som er bevart i den opphavlege forma frå slutten av 1000-talet. Han blei oppført som ei lita kyrkje, og fekk seinare funksjon som våpenmagasin. Også denne bygningen blei renovert i slutten av 1800-talet, men her la ein vekt på å få han i ein stand som var så nær den opphavlege som mogleg.

Festningsmuren endre

 
Táborporten

Det eksisterande festningsanlegget stammar frå midten av 1600-talet. Dette gjeld òg for fleire av portane, blant anna Táborporten og Leopoldporten, medan Chotekporten stammar frå 1800-talet.

Kjelder endre