Antonín Dvořák
Antonín Dvořák[a] (8. september 1841–1. mai 1904) var ein tsjekkisk komponist fødd i Nelahozeves ved Praha. Han er nok mest kjend for sine Slaviske dansar og for den siste av sine ni symfoniar, «Frå den nye verda» 1893. Men han komponerte stort sett i alle sjangrar og skapte meisterverk i fleire av dei. Han er til dømes den kanskje viktigaste komponisten av strykekvartettar mellom Franz Schubert og Béla Bartók.
Antonín Dvořák | |
![]() | |
Fødd | 8. september 1841 |
---|---|
Fødestad | Nelahozeves |
Død | 1. mai 1904 (62 år) |
Dødsstad | Praha, Nové Město |
Fødenamn | Antonín Leopold Dvořák |
Opphav | Kongeriket Böhmen, Cisleithania |
Sjanger | klassisk musikk, opera |
Instrument | pipeorgel, piano, fiolin, bratsj |
Verka som | klassisk komponist, organist, professor, dirigent, musikkforskar, fiolinist, bratsjist, komponist, lærar, pianist, musikkpedagog |
Mor | Anna Dvořáková |
Far | František Dvořák |
Gift med | Anna Čermáková |
Born | Otilie Suková, Otakar Dvořák, Magdalena Dvořáková |
Prisar | Jernkroneordenen, æresdoktor ved Karlsuniversitetet i Praha, Jernkroneordenen |
Dvořák er kanskje den komponisten som har lukkast best i å integrere folkemusikk i klassisk musikk, og blir derfor rekna som ein svært viktig nasjonalromantikar.
I 1859 tok han organisteksamen, og blei etter det tilsett som bratsjist ved nasjonalteateret i Praha. Der var han til 1873. Han fekk i 1875 eit stipend som gjorde at han kunne bruke meir tid på å vere komponist. Seinare hadde han arbeid som dirigent og kunstnarisk leiar i både London og New York, før han kom tilbake til Praha.
Merknadar Endra
- ↑ Namneuttale [ˈantɔnjiːn ˈdvɔrʒaːk].
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Antonín Dvořák» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008.