Vyngapur
Vyngapur (russisk Вынгапур) er ei elv i Jamalo-Nenetsk i Russland og ei av sideelvane til Pjakupur frå høgre. Elva er 319 km lang og har eit nedslagsfelt på 8 710 km². Elva har ei middelvassføring på 85 m³/s.
Vyngapur | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 8 710 km² | ||
Lengd | 319 km | ||
Middelvassføring | 85 m³/s | ||
Munning | Pjakupur | ||
Vyngapur 64°24′13″N 76°47′33″E / 64.403611111111°N 76.7925°E |
Elva spring ut 60 km austofor Nojabrsk, og renn frå sør til nord gjennom eit landskap med våtmarksområde. Det er over 300 vassdrag i nedslagsfeltet hennar, der 60 av desse har ei lengd på over 10 km. To av elvane er over 100 km lange, Apakapur frå venstre og Vengajakha frå høgre.
Mest vatn får elva frå snøsmelting og vårflaumen startar vanlegvis i mai eller i slutten av april, og varerer fram til månadsskiftet juni/juli.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Вынгапур» frå Wikipedia på russisk, den 3. november 2008.