Władysław Reymont

polsk skribent

Władysław Stanisław Reymont (fødd Rejment7. mai 18675. desember 1925) var ein polsk forfattar som i 1924 fekk nobelprisen i litteratur «för hans stora nationalepos Bönderna.»[1][2]

Władysław Reymont

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den andre polske republikken
Fødd 7. mai 1867
Kobiele Wielkie
Død

5. desember 1925 (58 år)
Warszawa

Yrke skribent, romanforfattar, manusforfattar, prosaforfatter
Politisk parti National League, Polskie Stronnictwo Ludowe „Piast”
Medlem av Związek Zawodowy Literatów Polskich
Ektefelle Aurelia Szacnajder Szabłowska
Signatur
Władysław Reymont på Commons
Minnesmerke i Łódź

Reymont var fødd i Kobiele Wielkie ved Radomsko sentralt i Polen. Han slo seg ned i Warszawa i 1893. I 1896 kom den første romanen, Komediantka. Reymont høyrde til diktarkrinsen Młoda Polska («Ungpolakkane»).

Romansyklusen Bøndene som han fekk nobelprisen for, er eit firebindsverk inndelt etter årstidene. Flyplassen i Łódź er oppkalla etter han: Port lotniczy Łódź im. Władysława Reymonta (Władysław Reymont Lufthavn Łódź).

  • Komediantka (1896)
  • Fermenty (1897)
  • Ziemia obiecana (1898)
  • Chłopi (1904–1909 tetralogien «Bønder»)
  • Rok 1794 (trilogi, 1914–1919)
    • bind 1: Ostatni Sejm Rzeczypospolitej
    • bind 2: Nil desperandum
    • bind 3: Insurekcja
  • Wampir (1911)
  • Bunt (1924)

Referansar

endre
  1. "for his great national epic, The Peasants".
  2. Nobeltildelinga i 1924 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff

endre