Wag the Dog av Mark Knopfler

filmmusikkalbum av Mark Knopfler
Wag the Dog
Filmmusikkalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 13. januar 1998
Innspelt AIR Studios i London i 1997
Sjanger Filmmusikk
Lengd 24:09
Selskap Vertigo, Mercury (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi 
Golden Heart
(1996)
Wag the Dog Metroland
(1999)


Wag the Dog er eit filmmusikkalbum av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 13. januar 1998 av Vertigo Records internasjonalt, og av Mercury Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen Wag the Dog frå 1997, regissert av Barry Levinson. Filmen inneheld songar skapt for den fiktive valkampen til hovudpersonane, inkludert «Good Old Shoe», «The American Dream» og «The Men of the 303». Desse songane er med på albumet som instrumentalar. Berre tittelsporet har vokal.[1]

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [1]

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner og kalla det eit av Knopfler sine «beste filmusikkarbeid, vekselvis grasiøst og tradisjonelt og enkelt».[1]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler[1][2].

Nr.TittelLengd
1.«Wag the Dog»4:44
2.«Working on It»3:27
3.«In the Heartland»2:45
4.«An American Hero»2:04
5.«Just Instinct»1:36
6.«Stretching Out»4:17
7.«Drooling National»1:53
8.«We're Going to War»3:23
Total lengd:24:09

Medverkande

endre
Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent
  • Mark Ralston – assisterande produsent
  • Denny Purcell – mastering ved Georgetown Masters i Nashville
  • Don Cobb – digital redigering
  • Rick Lecoat – design
  • Phil Caruso – fotografi
  • Mark Leialoha – fotografi[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Erlewine, Stephen Thomas. «Wag the Dog». AllMusic. Henta 17. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 Wag the Dog (booklet). Mark Knopfler. London: Mercury Records. 1998. s. 5. 314536864-2. 

Bakgrunnsstoff

endre