Metroland av Mark Knopfler
Metroland Filmmusikkalbum av Mark Knopfler | ||
Utgjeve | 23. mars 1999 | |
Innspelt | Sarm West Studios, London, 1998–1999 | |
Sjanger | Filmmusikk, jazz, rock | |
Lengd | 44:37 | |
Selskap | Vertigo, Warner Bros. (USA) | |
Produsent | Mark Knopfler, Chuck Ainlay | |
Mark Knopfler-kronologi | ||
---|---|---|
Wag the Dog (1998) |
Metroland | Sailing to Philadelphia (2000)
|
Metroland er eit filmmusikkalbum av den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut 23. mars 1999 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet består av musikk skriven for filmen Metroland i 1997, regissert av Philip Saville.[1]
Komposisjon
endreInstrumentalspora, som var skriven og spelt inn for filmen av Knopfler, var me då setje stemninga og utheve dei forskjellige personlegdomane til hovudrollene,[2] og filmmusikken endrar atmosfæren medan filmen går fram og attende mellom Paris tidleg i 1960-åra og forstadane i London i 1977.[3] I Paris-scenane vert det nytta musikk av Françoise Hardy, Django Reinhardt og Quintette du Hot Club de France, med somme seine 70-talsklassikarar frå The Stranglers, Dire Straits, Hot Chocolate og Elvis Costello som høver for denne perioden.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Albumet fekk generelt god kritikk. I meldinga si for AllMusic gav Chuck Donkers albumet tre av fem stjerner, og skreiv at musikken til Knopfler «fint bringer fram den vemodige og nostalgiske atmosfæren i filmen».[1] I meldinga si for Los Angeles Times skreiv Kevin Thomas at Knopfler hadde laga «stemningsskapande musikk».[4] I meldinga si for The New York Times skreiv Janet Maslin at ein av dei sterkaste sidene ved filmen var «den fine, uttrykksfulle musikken» til Knopfler.[5]
Innhald
endreAll musikk vart skriven og framført av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.[1][6]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Metroland Theme (Instrumental)» | 2:27 | |
2. | «Annick» | 3:01 | |
3. | «Tous les Garçons et les Filles» (Françoise Hardy) | Françoise Hardy, Roger Samyn | 3:06 |
4. | «Brats» | 2:39 | |
5. | «Blues Clair» (Django Reinhardt) | Django Reinhardt | 3:01 |
6. | «Down Day» | 1:51 | |
7. | «A Walk in Paris» | 1:36 | |
8. | «She's Gone» | 1:28 | |
9. | «Minor Swing» (Quintette du Hot Club de France) | Django Reinhardt, Stéphane Grappelli | 3:13 |
10. | «Peaches» (The Stranglers) | The Strangers | 4:05 |
11. | «Sultans of Swing» (Dire Straits) | 5:45 | |
12. | «So You Win Again» (Hot Chocolate) | Russ Ballard | 4:22 |
13. | «Alison» (Elvis Costello) | Elvis Costello | 3:22 |
14. | «Metroland» | 4:41 | |
Total lengd: | 44:37 |
Medverkande
endre- Musikk
- Mark Knopfler – gitarar, vokal
- Richard Bennett – gitarar
- Jim Cox – piano, Hammondorgel
- Guy Fletcher – klaverinstrument
- Chris White – saksofonar, fløyte
- Steve Sidwell – trompet, flygelhorn
- Glenn Worf – bass
- Chad Cromwell – trommer[6]
- Produksjon
- Mark Knopfler – produsent
- Chuck Ainlay – produsent
- Andrew Gallimore – assistant produsent
- Denny Purcell – mastering på Georgetown Masters i Nashville
- Jonathan Russell – mastering assistent
- Don Cobb – digital redigering
- Rick Lecoat – design
- Mark Leialoha – fotografi (Mark Knopfler)
- Peter Mountain – fotografi (filmbilete)[1][6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Metroland (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Donkers, Chuck. «Metroland». AllMusic. Henta 19. januar 2015.
- ↑ Metroland movie review review by Harvey Karten
- ↑ "The film flips back and forth between the Beatlemania-era of the early '60s and their suburban period of the '70s"
- ↑ Los Angeles Times, Movie Review; Metroland
- ↑ Maslin, Janet (9. april 1999). «Delusions Of a Failed Bohemian». The New York Times. Henta 24. november 2012.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Metroland (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1999. s. 13. 947006-2.
Bakgrunnsstoff
endre