For den japanske diktforma, sjå waka-poesi.

Waka (IPA: wɔka) er maoriske farkostarvatn, vanlegvis kanoar. Tilsvarande fartøy kan ein støyta på andre stader i Polynesia, med namn frå sams opphav, til dømes vaka.

Ein waka utstilt i Otago Museum i Dunedin.

Wakaer varierer i vekt frå små , lette kanoar kalla waka tiwai som vert brukte til fiske eller elveturar for einskildpersonar eller små grupper, og oppover i storleik til svært store waka taua (krigskanoar), med eit mannskap på inntil 80 og ei lengde opp til 40 meter. Dei største er havgåande kanoar med dobbelt skrog.

Mange wakaer har enkelt skrog og er laga av uthola trestammar. Små wakaer består av eit stykke, medan dei større vanlegvis er samansette av fleire. Ein waka ama er ein utriggarkano. Somme waka, særleg på Chatham Islands (Chathamøyene), er ikkje vanlege kanoar, men bygde av raupo, strå frå halvgras eller lin.

Havgåande waka, wuansett storleik, kunne padlast, men vart vanlegvis drivne med segl. Waka taua vert padla for å visa manaen (den guddommelege eller overnaturlege styrken) deira.

Små wakaer til dagleg bruk er vanlegvis enkle og udekorerte. Større kanoar, særleg waka taua, er kunstferdig utskorne og dekorerte.

Dei polynesiske innvandrarane til New Zealand kom til øyene i store wakaer. Namna og sogene som var knytte til desse waka gjekk i muntlege overleveringar (kōrero o mua) etter kvart som etterkomarane til innvandrarane vart fleire og delte seg i ulike iwiar (stammar) og hapu (understammar). Følgjeleg vert ordet waka brukt til å kjenneteikna grupper av iwi som stammar frå menneska i ein av immigrasjonskanoane.

Waka vert også bruka i vidare tyding som ilåt, skip eller farkost. Ein waka huia er ein uthola og utskoren båt som vert brukt til å lagra taonga («skattar») som til dømes dei høgt verdsette halefjørene til den no utdøydde huiafuglen som vert bruka som hårpynt. I noverande daglegtale hjå māoriane kan waka visa til bilar i omskrivinga «motokā». Det nydanna uttrykket waka-rere-rangi (bokstaveleg: waka som seglar på himmelen) er mynta på luftfartøy. Ein waka hari hino, (fartøy som fraktar olje) er ein oljetankar, ein waka niho (girkontainer) er ei girkasse på ein bil.

I dei seinare åra er kapproing med waka av og til å sjå på New Zealand, ofte i samband med større festivalar, mykje på same måten som kapproing med drakebåtar.

Sjå òg endre