Waren Sardne var ei norsk samisk avis som kom ut i periodane 1910–13 og 1922–27. Namnet er sørsamisk og tyder 'Bodskap frå fjellet' eller 'Tidend frå fjellet'.[1][2][3] Avisa var skriven på norsk.[4]

Waren Sardne
Grunnlagd15. januar 1910

Waren Sardne var ei avis for sørsamane, og blei gjeve ut på Røros av Daniel Mortenson. Saman med avisa Saǥai Muittalægje var ho viktig for samerørsla i denne perioden.

Mortenson var redaktør i begge periodane då avisa kom ut, men etter at han døydde i 1924 tok sonen hans, Lars Danielsen, over som redaktør.[5]

I første utgåve av avisa skreiv Mortenson om bladet:

Som ethvert andet folk har ogsaa vi lapper vore interesser og tarv at ivareta, og disse vil da gjennem dette beskedne organ søke belyst og utviklet os imellem, likesom en officiel talsmand bedre har anledning til at ffa henledet offentlighedens opmerksomhet paa lappernes, og da især flytlappernes, usikre livsvillaar og fotrængte stilling.[6]

KjelderEndra

  1. Daniel Mortensson & Waren Sardne; saamiblog.blogspot.se
  2. Aage Solbakk. Sámi mediahistorjá; calliidlagadus.org
  3. Jernsletten, Regnor (1991). «Trondheimslandsmøtet 1917 og samebevegelsen». Åarjel-saemieh nr 4. Snåsa: Saemien sijte: 75–81. Arkivert frå originalen 2007-05-15. 
  4. ««The Lapp mission» and its plans regarding the Lapps», skuvla.info, henta 3. oktober 2019 
  5. Eli Skogerbø – Samiske medier – Innhold, bruk og rammevilkår (2000)[daud lenkje]
  6. «Waren Sardne på Nett». Arkivert frå originalen 2011-01-28. Henta 3. september 2012.