Daniel Mortenson
Daniel Mortenson (fødd 2. juni 1860 i Verdal, daud 3. september 1924 på Røros) var ein sørsamisk redaktør, organisator, aktivist og reindriftssame. Han var aktiv under Samemøtet i 1917.
Daniel Mortenson | |
Måla av Astri Aasen, 1917 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1860 |
Død |
3. september 1924 (64 år) |
Yrke | redaktør |
Mortenson var fødd i Verdal, men voks opp i Kall og Undersåker i Jämtland i Sverige. Han tok lærarutdanning i Östersund og arbeidde som lærer for reindriftssameborn frå 1881 til 1886. I 1886 gjekk han tilbake til reindrifta, og i 1896 flytta han til Feren i Nord-Trøndelag. I 1905 kjøpte han garden Svukuriset i Elgå i Engerdal i Hedmark.
Sørsamiske reineigarar hadde praktisert næringa si etter eigne reglar før Felleslappeloven av 1883. Som enkeltpersonar kunne dei oppnå lite i det framveksande organisasjonssamfunnet. Etter å ha forsøkt å få gjennomslag for samepolitiske saker i den norske arbeidarrørsla utan hell, grunnla Mortenson ei sameforeining for det sørsamiske området. I 1907 grunnla han Søndre-Trondhjems Amts lappeforening og i 1910 grunnla han avisa Waren Sardne ('Røysta frå fjellet') på Røros.
Galleri
endre-
Mortenson i 1923
-
Minnesmerke over Daniel Mortenson på Røros kyrkjegard
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daniel Mortenson» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2019.
Litteratur
endre- Helge Salvesen: «Makt og avmakt i samisk historie. Politisk organisering blant sørsamane rundt hundreårsskiftet», i Årbok for Trøndelag 1979
- Daniel Mortenson i Norsk biografisk leksikon
- Hundreårsjubileum for samenes nasjonaldag Arkivert 2017-02-11 ved Wayback Machine., artikkel hos Norgeshistorie.no