WarioWare: Touched!
WarioWare: Touched! (さわる メイドインワリオ Sawaru Made In Wario) er ei samling av minispel for Nintendo DS, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan desember 2004, i Nord-Amerika februar 2005 og i Europa mars same året. Touched! er det fjerde spelet i WarioWare-serien.
WarioWare: Touched! | |||
Utviklar(ar) | Nintendo SPD Intelligent Systems | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Yoshio Sakamoto, Ryouichi Kitanishi | ||
Kunstnar | Ko Takeuchi | ||
Komponist(ar) | Masanobu Matsunaga, Yasuhisa Baba | ||
Serie | WarioWare | ||
Plattform(er) | Nintendo DS, Wii U, Nintendo 3DS | ||
Utgjeving | JP: 2. desember 2004 NA: 24. februar 2005 EU: 11. mars 2005 | ||
Sjanger | Minispel-samling | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G | ||
Medium | Nintendo DS-spelkort | ||
Nettstad | http://www.nintendo.co.jp/ds/azwj/index.html | ||
Del av serien WarioWare⠀ | |||
←WarioWare: Twisted!⠀ · WarioWare: Smooth Moves→ |
Oppsett
endreSpelet har same oppsett som i føregangarane, der spelaren må klare mikrospel som varer i berre nokre få sekund. Nytt i Touched! er at spelaren berre bruker peikeskjermen og mikrofonen for å styre i mikrospela. Døme på mikrospel er å klø Wario på ryggen, fange ei and ved å skjere over eit tau, og fange fisk med håv. Alle karakterane i spelet har sin eigne speleteknikk for variasjon mellom nivåa, som å berre trykkje på skjermen eller å gni skjermen med peikepennen. Ein kan vinne små «leikar» å sysle med ved å klare nok mikrospel på ein gong.
Referansar
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (på japansk)