WarioWare: Twisted!
WarioWare: Twisted! (まわる メイドインワリオ Mawaru Made In Wario) er ei samling av minispel for Game Boy Advance, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan oktober 2004 og i Australia og Nord-Amerika mai året etter. Spelet er ikkje blitt lansert i Europa. Twisted! er det tredje i WarioWare-serien.
WarioWare: Twisted! | |||
Utviklar(ar) | Nintendo SPD Intelligent Systems | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Goro Abe | ||
Produsent(ar) | Yoshio Sakamoto, Ryouichi Kitanishi | ||
Kunstnar | Ko Takeuchi | ||
Komponist(ar) | Masanobu Matsunaga, Yasuhisa Baba | ||
Serie | WarioWare | ||
Plattform(er) | Game Boy Advance | ||
Utgjeving | JP: 14. oktober 2004 AUS: 19. mai 2005 NA: 23. mai 2005 | ||
Sjanger | Minispel-samling | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | CERO: A ESRB: E OFLC: G | ||
Medium | Spelekassett med gyro-sensor | ||
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/n08/rzwj/index.html | ||
Del av serien WarioWare⠀ | |||
←WarioWare, Inc.: Minigame Mania⠀ · WarioWare: Touched!→ |
Oppsett
endreSpelekassetten til WarioWare: Twisted! har ein innebygd sensor som registrerer korleis ein rører på spelkonsollen, i tillegg til ein riste-funksjon som får konsollen til å riste under visse høve i spelet. Dei fleste mikrospela i spelet blir spelte ved å rotere på heile spelkonsollen.
Som tidlegare WarioWare-spel går spelet ut på å klare mikrospel som kjem på rad og rekkje. Nytt i dette spelet er at spelaren ikkje får poeng for tapte mikrospel; spelet tel berre kor mange mikrospel ein greier. Kvar karakter i spelet har sin eigne spelestil.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (på japansk)