Watkins Island
Watkins Island er ei låg, isdekt øy som er 8 km lang og som ligg 5 km sørvest of Lavoisier Island i Biscoe Islands. Øya vart først kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, 1903–05 og 1908–10, men fekk ikkje noko namn før ho vart oppdaga på ny av BGLE under Rymill, 1934–37. Han gav ho namnet Mikkelsen Island etter Ejnar Mikkelsen, ein dansk polfarar. Rymill var ikkje klar over at Mikkelsen Islands alt låg 120 km sørvestover, etter å ha fått namn av Charcot i 1908–10. For å unngå forveksling mellom dei to, råda UK-APC i 1952 at namnet på øya Rymill gav namn til skulle endrast. Det nye namnet, Watkins Island, er til ære for Gino Watkins, leiaren for British Arctic Air Route Expedition, 1930–31, Ein ny detalj, Mikkelsen Bay, vart kalla opp etter Ejnar Mikkelsen.
Watkins Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Biscoe Islands | ||
Del av | Biscoe Islands | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 66°22′S 67°5′W / 66.367°S 67.083°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Watkins Island 66°22′00″S 67°05′00″W / 66.366666666667°S 67.083333333333°W |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Watkins Island» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: