Biscoe Islands
Biscoe Islands er ei øygruppe i Antarktis. Dei største øyane er Renaud, Rabot, Lavoisier (kalla Serrano av Chile og Mitre av Argentina) og Watkins. Dei ligg alle parallelt til vestkysten av Graham Land og strekkjer seg om lag 80 nautiske mil frå nordaust til sørvest. Dei er kalla opp etter John Biscoe, leiaren av ein britisk ekspedisjon som utforska øyane den 17. og 18. februar 1832.
Biscoe Islands | |||
øygruppe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 65°26′0″S 65°30′0″W / 65.43333°S 65.50000°W | ||
Biscoe Islands 65°26′00″S 65°30′00″W / 65.433333333333°S 65.5°W | |||