We Don't Wanna Put In
«We Don't Wanna Put In» Singel av Stephane & 3G frå albumet g | ||
Land | Georgia | |
Språk | Engelsk | |
Låtskrivar(ar) | Stefane Mgebrishvili og Bibi Kvachadze |
---|
«We Don't Wanna Put In» ville vere det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, framført på engelsk av Stephane & 3G. Songen er skriven av Stefane Mgebrishvili og Bibi Kvachadze.[1][2][3]
Eurovison Song Contest 2009
endre«We Don't Wanna Put In» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2009 | |||||
Land | Georgia | ||||
Artist(ar) | Stefane Mgebrishvili, Nini Badurashvili, Tako Gachechiladze og Kristine Imedadze | ||||
Alias | Stephane & 3G | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Stefane Mgebrishvili | ||||
Låtskrivar(ar) | Bibi Kvachadze | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | X | ||||
Semifinaleplass | X | ||||
Finalepoeng | X | ||||
Finaleplass | X | ||||
Georgia i Eurovision Song Contest | |||||
|
Songen vann den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009, men teksten skapa problem av di han inneheldt politiske referansar til Vladimir Putin, dåverande statsminister i Russland. «Put in» høyrdest ut som Putin.[4] Orda «Put in» vart sungen med ein aksent som uttala orda som «poot een», som òg er slik ein kan uttala namnet Putin.[4] Fleire personar frå det kulturelle og poltiske Russland og Georgia, mellom anna Diana Gurtskaya, som representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2008, og David Gamkrelidze, leiaren av det georgiske politiske partiet Akhali Memarjveneebi, ville at ein skulle skrive om på teksten.[5] Ein talsmann frå den georgiske kringkastaren sa 20. februar 2009 at songen ikkje ville verte endra.[6] 11. mars 2009 trekte Georgia seg frå Eurovision Song Contest 2009.[7]
Fotnotar
endre- ↑ Brey, Marco (18. februar 2009). «Stephane & 3G to represent Georgia in Moscow» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 13. april 2013.
- ↑ Marcus, Klier (18. februar 2009). «Georgia: Stephane & 3G to Eurovision» (på engelsk). ESCToday. Henta 13. april 2013.
- ↑ Fisher, Luke (18. februar 2009). «Stephane & 3G wins Georgian national final; listen to the song» (på engelsk). Oikotimes. Henta 13. april 2013.
- ↑ 4,0 4,1 «Georgians pull out of Eurovision over 'Put in' jab» (på engelsk). International Herald Tribune. 11. mars 2009. Henta 13. april 2013.
- ↑ «85% грузин хотят Путина на Евровидении» (på russisk). Gazeta. 27. februar 2009. Henta 13. april 2013.
- ↑ Lewis, Daniel (19. februar 2009). «Грузинская сторона не будет менять текст "аморальной" песни для "Евровидения"» (på russisk). NEWSru. Henta 13. april 2013.
- ↑ Georgia pulls out of Eurovision after controversial song is banned. The Daily Telegraph. 12. mars 2009