Wednesbury
Wednesbury er ein marknadsby i grevskapet West Midlands i England. Han har kring 24 500 innbyggjarar og ligg i Black Country nær elva Tame.
Wednesbury | ||
---|---|---|
The Gough Arms | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Midlands | |
Distrikt | Sandwell | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
24 337 | |
Koordinatar | 52°33′N 2°1′W / 52.550°N 2.017°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | WS10 | |
Telefon-retningsnummer | 0 121 | |
Ein går ut frå at Wednesbury opphavleg var grunnlagd som ei bygdeborg under jernalderen. Den tidlegaste stavinga av namnet er «Wodensbyri», på ein kopi av testamentet til Wulfric Spot frå 1004. Namnet er sette saman av Woden (Odin) og -bury, av gammalengelsk burgh/byrig, 'ås'.[1] Sistedelen av namnet kan også tyda 'festning' eller 'vern', men den første tolkinga er mest utbreidd.[2]
Kjelder
endre- ↑ Michael Alexander (2002). A History of Old English Literature. Broadview Press. ISBN 1-55111-322-8. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
- ↑ F. W. Hackwood (2002). Wednesbury Ancient and Modern. Brewin Books Ltd. ISBN 1-85858-219-9. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
- Denne artikkelen bygger på «Wednesbury» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2011.