Weeping Wall
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt Oktober–november 1976
Sjanger Ambient, minimalisme
Lengd 3:28
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«Weeping Wall» er eit instrumentalt stykke av David Bowie frå albumet hans Low, gjeve ut i 1977.

Bowie har sagt at sporet er meint å framkalle elendigheita Berlinmuren skapte, og er eit portrettstykke som dei andre spora på side to av Low.[1] Hovudmelodien er ei utgåve av melodien «Scarborough Fair».[2]

Bowie speler alle instrumenta på innspelinga og er det einaste solosporet på albumet. Dette omfattar fleire perkusjonsinstrument og synthesizerar. Ein kan òg høyre røysta hans i eit ordlaust refreng. Den minimalistiske stilen skal vere inspirert av komponisten Steve Reich. I følgje Reich hadde Bowie vore på den europeiske premieren av Music for 18 Musicians ved Nasjonalgalleriet i Berlin i 1976.[3][4] «Og eg trur 'Weeping Wall' på Low tildels er basert på det,» har Reich sagt. Bowie sjølv hugsa han såg Music for 18 Musicians framført i «sentrum av New York seint i 1970-åra» og skildra det som «balinesisk gamelan-musikk kryssa med minimalisme... Forbausande.»[5]

Brian Eno og NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har meint at «Weeping Wall» byrja som ein del av det skrinlagde filmusikkprosjektet for The Man Who Fell to Earth, medan Bowie sjølv har sagt at stykket vart komponert spesifikt for Low.[2][6]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Tim Lott (1977). Interview. Record Mirror (September 1977) cited at BowieGoldenYears
  2. 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.89
  3. Dayal, Geeta (11. september 2014). «Steve Reich: 'Radiohead is my kind of music'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 14. august 2021. 
  4. «Steve Reich: When I Met David Bowie». 
  5. Bowie, David. «David Bowie's Favorite Albums». Vanity Fair (på engelsk). Henta 14. august 2021. 
  6. Hugo Wilcken (2005). Low: p.16