Werner Mountains
Werner Mountains er ei fjellkjede som ligg like vest-sørvest for New Bedfordfjorden og mellom Meinardus- og Bryanbreen i Palmer Land. Fjella vart oppdaga og fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939-41, og vart kartlagde av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961-67. Fjellkjeda vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Abraham Gottlob Werner (1750–1819), ein tysk geolog og mineralog.
Werner Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 73°34′S 62°20′W / 73.567°S 62.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Werner Mountains 73°34′00″S 62°20′00″W / 73.5667°S 62.3333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Werner Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).