Werner Schildhauer

Werner Schildhauer (fødd 5. juni 1959) er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Dessau som representerte Aust-Tyskland. Han vann to sølvmedaljar under så vel EM 1982 som VM 1983.

Werner Schildhauer


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 5. juni 1959 (64 år)
Dessau
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Spurtsterke Schildhauer vart slått av italienaren Alberto Cova med 0,18 sekund i kampen om sigeren på 10 000 meter under EM i friidrett 1982. Fem dagar seinare tok Schildhauer ein ny sølvmedalje. På 5 000 m måtte han sjå seg klart slått i spurten av den tidlegare 1500-meterløparen Thomas Wessinghage frå Vest-Tyskland. 28. mai 1983 sette Schildhauer europarekord på 10 000 meter då han vart klokka i mål på 27.24,9 i Jena, 2,5 sekund bak verdsrekorden. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i august 1983, enda Schildhauer 0,14 sekund bak Alberto Cova på mila. Schildhauer kneip VM-sølv nummer 2 då han på 5 000 meter viste arrangørlandets Martti Vainio til bronseplass. Ingen av dei to kunne gjere noko med den tidlegare 1500-meterløparen, irske Eamonn Coghlan, på oppløpssida.

Kjelder endre