Jena
Jena er ein by sentralt i Tyskland ved elva Saale i delstaten Thüringen med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen er om lag like stor som Gera, som òg ligg i Thüringen, og i 2007 hadde Gera eit par hundre innbyggjarar meir og var derfor den nest største byen i delstaten.
Jena | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Thüringen | ||
Region | Ingen | ||
Høgd | 155 m | ||
Areal | 114,76 km² | ||
Folketal | 110 791 (31. desember 2023) | ||
Først nemnd i | 1182 | ||
Postnummer | 07701–07751 | ||
Retningsnummer | 03641 | ||
Bilnummer | J | ||
![]() Jena 50°55′38″N 11°35′11″E / 50.927222222222°N 11.586388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Jena |
Historie
endreJena vart først nemnd i 1182. På 1000-talet høyrte byen til herrane av Lobdeburg, men i det neste hundreåret utvikla han seg til ein sjølvstendig kjøpstad med eigne lover og øvrigheitspersonar. Økonomien var hovudsakleg basert på vinproduksjon. I 1286 etablerte dominikanarar seg i byen, etterfølgd av cistercianarar i 1301.
Markgrevskapet Meißen tok over styringa i Jena i 1331. Frå 1423 høyrte han til kurfyrstedømet Sachsen av Huset Wettin, som hadde arva Meißen, og var framleis ein del av kurfyrstedømet etter at landområda vart delt i 1485.
Reformasjonen innførte protestantisme i byen i 1523. Dei følgjande åra gjekk innbyggjarane i byen til åtak på dominikanar- og karmelittarklostera. I 1548 vart eit universitet grunnlagd av kurfyrste Johan Fredrik av Sachsen.
Ein kort periode (1670–1690) var Jena hovudstad i det sjølvstendige hertugdømet Sachsen-Jena. I 1692 vart han annektert av Sachsen-Eisenach og i 1741 av hertugdømet (seinare storhertugdømet) Sachsen-Weimar, som han var ein del av fram til 1918.
14. oktober 1806 kjempa Napoleon I og tapte mot den prøyssiske hæren her under slaget ved Jena-Auerstedt. Motstanden mot fransk okkupasjon var stor, særleg blant studentane i byen, og mange kjempa i Lützow Frikorps i 1813. To år seinare vart ordenen Urburschenschaft grunnlagd i byen.
I 1945, mot slutten av den andre verdskrigen, vart Jena utsett for kraftige bombeåtak frå amerikanske og britiske bombefly. 153 mennseke mista livet og det meste av gamlebyen vart øydelagd (men gjennoppbygd etter krigen).
Delar av Thüringen vart ein del av Aust-Tyskland i 1949 og landkreisen Gera i 1952. Sidan 1990 har byen vore ein kreisfri by i Thüringen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jena» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2007.