West Linga

West Linga
Geografi
West Linga is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°36′ N 1°3′ WKoordinatar: 60°36′ N 1°3′ W
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 1,25 km²

Høgaste punkt 52 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 0

West Linga er ei folketom øy i Shetlandsøyane mellom Shetland Mainland og Whalsay.

Sørvestover over Bight of Cuddam på West Linga, mot Head of Berg.

Geografi og geologiEndra

West Linga er ei lang, smal øy dekt av lyngheier. Mellom øya og Whalsay ligg Linga Sound og Lunning på Mainland ligg i vest. Little Linga, Swarta Skerry, Lona Skerry og Ketill Holm ligg òg i vest. Calf of Linga er ei lita øy i sør. Wether Holm ligg nord for West Linga.[1]

Det er to bukter og ein naturleg boge nordvest på øya. Øya har to åstoppar, ein i kvar ende, North og South Ward. Det står ein varde på den sørlege toppen.[2]

Berggrunnen er glimmerhaldig hornblendegneis med granittårer.Det ligg ein strandvoll over Croo Wick heilt sør på øya-[1]

 
Croo Wick på West Linga

HistorieEndra

West Linga ser ut til å ha vore busett no og då fram til seint på 1700-talet. Mangelen på gode ankringsplassar og noko brakt vatn har hindra busetnad her.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. «Overview of West Linga». Gazetteer for Scotland. Henta 24. mars 2010.