What If av Dixie Dregs

What If
Studioalbum av Dixie Dregs
Utgjeve Mars 1978
Innspelt 1978
Studio Chateau Recorders
Sjanger Jazzfusion, instrumental rock
Lengd 39:46
Selskap Capricorn
Produsent Ken Scott
Dixie Dregs-kronologi 
Free Fall
(1977)
What If Night of the Living Dregs
(1979)


What If er det tredje studioalbumet til det amerikanske jazzfusionbandet Dixie Dregs, gjeve ut i 1978.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
The Rolling Stone Jazz Record Guide3/5 stars[2]

Stilen deira på albumet kan minne om jazzfusion-stilen Jeff Beck og The Mahavishnu Orchestra på denne tida, men sjølv om musikken deira er full av jazz-aktige improvisasjonar og haldninga til tungrock, brukte bandet òg element av country, folk og klassisk musikk.[1]

Allmusic skreiv om albumet: «Dei sterkaste augneblinka på What If er Morse-songane som har blanda inn folkemusikk, som den nesten reine countrykomposisjonen 'Gina Lola Breakdown'. Imponerande er òg det einaste sporet West skreiv, 'Travel Tunes'. Denne songen lever opp til namnet sitt ved å flytte mellom melodiar som tilsynelatande kjem frå britiske folkemusikk, kvasse fusion-rytmar, eit karibisk-aktig mellomspel og streit rock and roll. At Dixie Dregs gjer dette syner kor kreative dei er, og at det fungerer syner kor dugande musikarar dei er. Musikken er utan merkelappar - full av kjensler og logikk på same tid og lidenskapleg utført. Det er verdt kvar krone.»[1]

Opningssporet, «Take It Off the Top», vart nytta som kjenningsmelodi for Friday Rock Show som gjekk på BBC Radio frå 1978 til 1993.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Take It Off the Top»Steve Morse4:07
2.«Odyssey»Morse7:35
3.«What If»Morse5:01
4.«Travel Tunes»Andy West4:34
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Ice Cakes»Morse4:39
6.«Little Kids»Morse2:03
7.«Gina Lola Breakdown»Morse, T. Lyndon4:00
8.«Night Meets Light»Morse7:47

Medverkande endre

Teknisk endre

  • Produsent - Ken Scott
  • Assisterande lydteknikarar – Brian Leshon, Chris Gregg, Gary Coppola[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Gioffre, Daniel (2011). «What If - The Dixie Dregs | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. desember 2020. 
  2. Swenson, J., red. (1985). The Rolling Stone Jazz Record Guide. USA: Random House/Rolling Stone. s. 62. ISBN 0-394-72643-X. 
  3. «What If». Discogs.com. Henta 17. desember 2016.