Dixie Dregs

Dixie Dregs er eit USA-amerikansk jazzrockband frå Augusta i Georgia, skipa i 1970 og rekna som ei av dei fremste jazzrockbanda i USA.[1] Instrumentalmusikken til bandet har blanda element av rock, jazz, country og klassisk musikk.[4] I Storbritannia er dei mest kjend for innspelinga si av «Take It Off the Top», som i mange år vart nytta som kjenningsmelodi av Tommy Vance for BBC Radio 1-programmet Friday Night Rock Show.

The Dixie Dregs
Andy West.jpg
Andy West og Allen Sloan i Dixie Dregs på scenen i 1999
AliasDixie Grit (1970-1971)
Rock Ensemble II (1973)
The Dregs (Sidan 1981)
OpphavAugustai Georgia
AktivSidan 1970
SjangerJazzrock,[1] instrumental rock,[2] progressiv rock[3]
PlateselskapCapricorn, Anthem
Tidlegare medlemmerFrank Brittingham
Dave Morse
Johnny Carr
Mark Parrish
Bart Yarnold
Gilbert Frayer
Frank Josephs
T Lavitz
Mark O'Connor
Dave LaRue
Jerry Goodman

HistorieEndra

Skiping og tidlege årEndra

The Dixie Dregs utvikla seg frå eit band i Augusta i Georgia kalla Dixie Grit, skipa av Steve Morse og Andy West i 1970.[1] Bandet bestod i tillegg av den eldre broren til Morse, Dave på trommer, Frank Brittingham (gitar og vokal) og Johnny Carr (klaverinstrument). Carr vart sidan erstatta av Mark Parrish. Kort tid før Steve Morse byrja å studere ved University of Miami's School of Music i 1971, vart Dixie Grit oppløyst. Morse og West heldt fram å spele som ein duo, og kalla seg sjølv Dixie Dregs («Dregs» tyder «restane», så namnet tydde altså «Restane av Dixie Grit»).[5]

I 1973 møtte Steve Morse (gitar), Andy West (bass), Allen Sloan (fiolin) og Bart Yarnal (trommer) kvarande medan dei studerte ved University of Miami's School of Music og kalla seg Rock Ensemble II. West gjekk òg på Georgia State University i eitt år for å studere cello og musikkteori & komposisjon i lag med Parrish. Parrish vart verande på GSU medan dei studerte, og var berre heime i Augusta i Georgia i sommarferien, kvartetten med Morse, West, Parrish og Gilbert Frayer (trommer) spelte i lag som oppvarmingsband og lokale konsertar som The Dixie Dregs.

Første innspelingEndra

På denne tida hadde University of Miami eit livleg musikkmiljø, med framtidige musikarar som Pat Metheny, Jaco Pastorius, Danny Gottlieb, T Lavitz og Bruce Hornsby. Rod Morgenstein vart spurt om å spele trommer etter at Yarnal hadde skada seg under surfing. I 1974 vart òg klaverspelaren Frank Josephs med i besetninga deira. Det første albumet til Dixie Dregs, The Great Spectacular, vart spelt inn ved universitetet i 1975. Det vart trykt kring tusen eksemplar av den originale LP-plata. Albumet kom ut på CD i 1997.

Avtale med CapricornEndra

Basert på ein demo med tre songar og eit tips frå dei tidlegare medlemane i Allman Brothers Band, Chuck Leavell og Twiggs Lyndon, signerte Capricorn Records bandet seint i 1976 for å spele inn Free Fall (1977). Steve Davidowski var klaverspelar på «Free Fall». Då Davidowski slutta for arbeide med felespelaren Vassar Clements, kom den tidlegare klaverspelaren i Dixie Grit/Dixie Dregs, Mark Parrish, med att i gruppa seinare på året. Den moderate suksessen og den gode kritikken av Free Fall førte til eit nytt album, What If, i 1978, og den første turneen deira med konsertar i New York, Georgia, Florida, Sør-Carolina, Nord-Carolina, Texas, Arizona, Massachusetts, Mississippi og California.

Det fjerde albumet deira, Night of the Living Dregs (med Morse, West, Sloan, Parrish og Morgenstein), kom ut i april 1979 og bandet vart nominert til den første Grammyprisen sin i klassen beste rockeinstrumental. Night of the Living Dregs bestod av både studioinnspelingar og konsertopptak frå Montreux Jazz Festival den 23. juli 1978. Ken Scott - som var lydteknikar for The Beatles og produsenten George Martin - produserte Dixie Dregs-albuma What If og Night of the Living Dregs.

Avtale med AristaEndra

I oktober 1979 gjekk Capricorn Records konkurs og bandet fekk ny avtale med Arista Records i januar 1980 for tre album. På den tida hadde klaverspelaren Parrish slutta og vart erstatta av T Lavitz. Seinare det året gav dei ut Dregs of the Earth (med Morse, West, Sloan, Lavitz og Morgenstein).

Parrish spelte seinare piano og klaverinstrument for songarane Andy Williams, Roberta Flack, Natalie Cole, Luther Vandross, Peabo Bryson, Celine Dion, Regina Belle, Deborah Gibson, Pat Boone og dottera Debby Boone, Glen Campbell og gitaristen Larry Coryell.

NamneendringEndra

 
Steve Morse med Dixie Dregs på Roxy Theatre, 28. august 1999

For Unsung Heroes, gjeve ut i 1981, endra bandet namnet sitt til The Dregs i eit forsøk på å nå ut til fleire folk. Fiolinisten Sloan vart erstatta av Mark O'Connor, som tidlegare vann den store felemeisterskapen i Nashville, for albumet Industry Standard i 1982. Dette var det første albumet deira med vokal, i eit forsøk på å bli meir spelt på radio. Gjestevokalistar på albumet var Doobie Brothers-medlemmet Patrick Simmons og Alex Ligertwood (Santana). Industry Standard gav The Dregs ein ny Grammynominasjon for beste rock/jazz-instrumental. Trass i namneendring, vokal på albumet og mykje turnering, betra ikkje salstala seg og The Dregs vart i praksis oppløyst då medlemmane byrja på andre prosjekt.

SameiningEndra

Seint i 1980-åra kom gruppa saman att for ein turné med dei tidlegare medlemmane Morse, Morgenstein (som òg spelte med Winger), Lavitz og Sloan. Samstundes kom det ut eit samlealbum kalla Divided We Stand (1989). Bassisten Dave LaRue fullførte besetninga for sju konsertar. Opptak frå konsertane vart gjeve ut i 1992 på konsertalbumet Bring 'em Back Alive, som gav dei ein tredje Grammy-nominasjon for beste rockeinstrumental i januar 193. Fiolinisten Jerry Goodman, frå The Mahavishnu Orchestra, fyllte inn for Sloan, som ofte var oppteken med karrieren sin innan medisin. Dei fekk ein avtale med det tidlegare selskapet sitt Capricorn Records og gav ut det første studioalbumet sitt på fleire år, Full Circle, i 1994.

Seinare årEndra

The Dregs har halde fram å spele i lag no og då, både i studio og for korte turnear. I 1997 kom The Great Spectacular ut på CD, og i september same året kom King Biscuit Flower Hour Presents (opphavleg spelt inn i 1979 for radioshowet King Biscuit Flower Hour). California Screamin' (2000) bestod av konsertopptak frå Roxy Theatre i august 1999. Denne inneheld mellom anna eldre komposisjonar og coverversjonar av Allman Brothers Band sin «Jessica» og Frank Zappa sin «Peaches en Regalia» (med Dweezil Zappa på sologitar). 20th Century Masters: The Best Of The Dixie Dregs og DVD-en Sects, Dregs and Rock 'n' Roll kom ut i 2002.

I 2018 var The Dregs framleis aktive og heldt ein turné kalla «Dawn of the Dregs».

MedverkandeEndra

MedlemmarEndra

Noverande medlemmar
  • Steve Morse - gitar (Sidan 1970)
  • Andy West - bassgitar (1970-1988, sidan 2017)
  • Rod Morgenstein - trommer (Sidan 1973)
  • Allen Sloan, M.D. - fiolin (1973-1981, 1988-1992, sidan 2017)
  • Steve Davidowski - klaverinstrument (1975-1977, sidan 2017)

Tidlegare medlemmar
  • Frank Brittingham - gitar, vokal (1970-1971)
  • Dave Morse - trommer (1970-1971)
  • Johnny Carr - klaverinstrument (1970)
  • Mark Parrish - klaverinstrument (1970-1971, 1973, 1977-1978)
  • Bart Yarnall - trommer (1973)
  • Gilbert Frayer - trommer (1973)
  • Frank Josephs - klaverinstrument (1974-1975)
  • T Lavitz - klaverinstrument (1978-2010; då han døydde)
  • Mark O'Connor - fiolin (1981-1982)
  • Dave LaRue - bassgitar (1988-2017)
  • Jerry Goodman - fiolin (1992-2017)

Erstattarar

TidslinjeEndra

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

KonsertalbumEndra

  • Bring 'Em Back Alive (1992)
  • King Biscuit Flower Hour Presents (16. september 1997)
  • California Screamin' (1. februar 2000)
  • From the Front Row... Live! (Dolby 5.1 DVD-Audio, 2003)

SamleplaterEndra

  • Best of the Dixie Dregs (1987)
  • The Best of the Dregs: Divided We Stand (1989)
  • 20th Century Masters: The Best of the Dixie Dregs (26. mars 2002)

VideoalbumEndra

  • Sects, Dregs and Rock 'n' Roll (DVD, December 2002)
  • Live at Montreux 1978 (DVD, 2005)

SinglarEndra

  • 1976: «Cruise Control»/«Refried Funky Chicken»/«Cosmopolitan Traveler» (sjølvutgjeven)
  • 1978: «Take It Off the Top»/«Little Kids»
  • 1979: «Punk Sandwich»/«Country House Shuffle»
  • 1980: «Pride O' the Farm»/«The Great Spectacular»
  • 1981: «Cruise Control»/«Go for Baroque»
  • 1982: «Crank It Up»/«Bloodsucking Leeches»

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Dixie Dregs - Biography & History - AllMusic». AllMusic. Henta 12. desember 2020. 
  2. «The Dixie Dregs rise again». New Jersey Herald. Arkivert frå originalen 2019-03-22. Henta 12. desember 2020. 
  3. «Rod Morgenstein with the Dixie Dregs». 
  4. «Steve Morse gets the Dixie Dregs back together for tour». 18. mars 2018. 
  5. http://www.stevemorse.info/timeline/1970s.html Sjå seksjonane om «1970» og «1972»