WhatsApp er ein proprietær lynmeldingsapplikasjon hovudsakleg tilgjengeleg for smarttelefonar, men kan au brukast på datamaskinar. I tillegg til å senda tekstmeldingar kan brukarane av applikasjonen senda kvarandre bilete, video, dokument og ljodmeldingar og dela plasseringa si ved hjelp av ein integrert kartfunksjon.

WhatsApp

UtviklarWhatsApp LLC
UtgjevarMicrosoft Store, App Store, Google Play
Utgjeve24. februar 2009[1]
Nyaste versjon24.19.80 (26. september 2024)[2]
PlattformiOS, Android, Microsoft Windows
OperativsystemmacOS, iOS, Android
Skriven iErlang
OS-familieExtensible Messaging and Presence Protocol
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://whatsapp.com/

Namnet på verksemda, WhatsApp, er eit ordspel av uttrykket What's Up? som på norsk tyder «Kva skjer?»[3]

WhatsApp Inc. vart grunnlagd i USA i 2009 av Brian Acton og Jan Koum, som begge var tidlegare tilsette i Yahoo!, og er basert i Mountain View i California.[3][4][5] Verksemda vart kjøpt opp av Facebook, Inc. i 2014 for 19 milliardar dollar.[6]

I desember 2013 rapporterte WhatsApp at dei hadde 400 millionar aktive brukarar per månad.[7] Per april 2014 hadde dei over 500 millionar aktive brukarar, med 700 millionar bilete og 100 millionar videoar delte igjennom tenesta kvar dag, og meir enn ti milliardar meldingar kvar dag.[8]

Kjelder

endre
  1. https://www.forbes.com/sites/parmyolson/2014/02/19/exclusive-inside-story-how-jan-koum-built-whatsapp-into-facebooks-new-19-billion-baby/.
  2. «WhatsApp Messenger on the App Store». Henta 11. oktober 2024. 
  3. 3,0 3,1 «About Us | WhatsApp», WhatsApp.com (på engelsk), henta 20. februar 2024 
  4. Laia Reventós. «Inside the world of WhatsApp» (på engelsk). El País. Henta 3. august 2014. 
  5. Eric Jackson. «Why Selling WhatsApp To Facebook Would Be The Biggest Mistake Of Jan Koum's And Brian Acton's Lives» (på engelsk). Forbes. Henta 3. august 2014. 
  6. «Facebook to Acquire WhatsApp» (på engelsk). Facebook. Henta 3. august 2014.  Pressemelding.
  7. «400 Million Stories» (på engelsk). WhatsApps blogg. Arkivert frå originalen 23. august 2014. Henta 3. august 2014. 
  8. Amit Chowdhry. «WhatsApp Hits 500 Million Users» (på engelsk). Forbes. Henta 3. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: WhatsApp