White Hill i Irland

White Hill er eit fjell i County Wicklow i Republikken Irland på 630 moh.[1] Det ligg nordaust i Wicklowfjella, like sør for Djouce på 725 moh.[2] Sidan dei to toppane ligg nær kvarandre og er om lag like høge vert førstnemnde ofte referert til som «skuldra» til sistnemnde.[3] Turstien Wicklow Way går langs White Hill, Djouce og War Hill i nord. Toppen av White Hill er dekt av gras, lyng og småstein.[2]

White Hill
fjell
White Hill sett frå vest  
Land  Irland
Region Wicklow
Fjellkjede Wicklowfjella
Høgd 630 moh.
Koordinatar 53°07′06″N 6°14′22″W / 53.11833°N 6.23944°W / 53.11833; -6.23944

Bilete

endre
 
Snø på White Hill.
Sørsida av Djouce sett frå toppen av White Hill

Kjelder

endre
  1. «White Hill, Ireland – Climbing, Hiking & Mountaineering», mountain-forecast.com
  2. 2,0 2,1 Paddy Dillon, The Mountains of Ireland: A Guide to Walking the Summits, s. 24 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 20. oktober 2007