White Island i County Fermanagh
White Island er ei øy i Lough Erne i County Fermanagh i Nord-Irland. Ho ligg i Castle Archdale Bay utanfor austsida av Lough Erne. Det ligg ruinar av ei gammal kyrkje ved kysten, bygt av munkane i eit tidlegare kloster her. Kyrkja har framleis ein intakt romansk boge i inngangspartiet. Kyrkja og utskjeringa frå staden har status som State Care Historic Monuments.[1] Øya har tilkomst med båt frå Castle Archdale Country Park, nær Irvinestown.
Vikingane gjekk til åtak og øydela klostera i Lough Erne i 837. I 400 år kan derfor desse utskjeringa ha lagt i ruinane før den romanske steinkyrkja vart bygd.
Bakgrunnsstoff
endre- Culture Northern Ireland Arkivert 2007-03-18 ved Wayback Machine.
- Utskjeringane på White Island Arkivert 2006-03-01 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «White Island, County Fermanagh» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «White Island» (PDF). Environment og Heritage Service - State Care Historic Monuments. Henta 5. februar 2010.