Wiener Werkstätte

Wiener Werkstätte er ein austerriksk organisasjon av arkitektar og kunsthandverkarar, grunnlagd i 1903 med Josef Hoffmann og Koloman Moser (1868-1918) som sentrale bidragsytarar. Formålet var å styrke kunsthandverket og legge grunnlaget for heilskapleg design av alle sider ved livet og virket til mennesket. Wiener Werkstätte hadde sitt utspring i Wiener sezession og var inspirert av den engelske rørsla Arts and Crafts Movement.

Wiener Werkstätte

Typeselskap med begrenset ansvar
Skipa1903
HovudkontorWien
Nettstadhttp://wiener-werkstaette.at/ Sjå dette på Wikidata
Oppløyst1932

Wiener Werkstätte utvikla eit eige varemerke og hadde 100 tilsette alt i 1905. Karakteristisk for enkeltgjenstandar og heile interiør er ein rettvinkla eller geometrisk klar hovudform og dekor som peikar fram mot funksjonalismen. Organisasjonen vart oppløyst i 1932.

Wiener Werkstätte var i utgangspunktet tufta på ein progressiv idé om å betre kvardagen gjennom formgjeving. Han klarte i mindre grad enn arts and crafts-rørsla å nå ut til folket. Produksjonen var prega av kunsthandverk og høg kvalitet. Resultatet vart ein eksklusiv produksjon for dei mest velståande. Palais Stoclet i Brussel i Belgia, teikna av Josef Hoffmann, vert rekna som hovudverket til verksemda. Palasset er eit av dei mest eksklusive og kostbare bustadane frå 1900-talet

Det er samstundes vanskeleg å kome utanom Wiener Werkstätte når gjennombrotet for modernismen skal forklarast. I form og uttrykk var verksemda særs progressiv og peikte framover mot ei formgjeving for industrien prega av forenkling og masseproduksjon.

Kjelder endre

«Wiener_Werkstätte» i Store norske leksikon, snl.no.