Wienkvartettane av Mozart

Wienkvartettane er seks strykekvartettar, K. 168-173, komponerte av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1773 i Wien.

Desse kvartettane vert rekna som eit langt steg fram frå Milanokvartettane, som vart laga mindre enn eit år tidlegare. Kvar kvartett består av fire satsar, inkludert menuettar og trioar. Mozart hadde høyrt nylege kvartettar av Joseph Haydn og nytta mange av elementa deira.[1]

Wienkvartettane endre

Kvartett nr. 8 i F-dur, K. 168 endre

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Menuetto
  4. Allegro

Den langsame satsen i F-moll er ein kanon på det kjende temaet som vart nytta i finalen til Haydn sin Op. 20-kvartett i same toneart. Finalen er ein fuge som liknar ein av finalane i Op. 20, denne gongen A-dur-kvartetten.[1]

Kvartett nr. 9 i A-dur, K. 169 endre

  1. Molto allegro
  2. Andante
  3. Menuetto
  4. Rondeau (allegro)

Kvartett nr. 10 i C-dur, K. 170 endre

  1. Andante
  2. Menuetto
  3. Un poco adagio
  4. Rondo - Allegro

Opningssatsen er eit tema og ein variasjon med eit tema som liknar variasjonstemaet nytta i Haydn sin Kvartett Op. 9, nr. 5 i B. Den andre frasen i den langsame satsen inneheld opningsteamet frå Haydn sin Op. 9 nr. 4 i D-moll.[1]

Kvartett nr. 11 i Ess-dur, K. 171 endre

  1. Adagio - Allegro - Adagio
  2. Menuetto
  3. Andante
  4. Allegro assai

Kvartett nr. 12 i H-dur, K. 172 endre

  1. Allegro spiritoso
  2. Adagio
  3. Menuetto
  4. Allegro assai

Kvartett nr. 13 i D-moll, K. 173 endre

  1. Allegro moderato
  2. Andante Grazioso
  3. Menuetto
  4. Allegro moderato

Starten på menuetten er den same som menuetten til Haydn i hans Op. 9 nr. 4 i D-moll.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heartz, Daniel, Haydn, Mozart, and the Viennese School, 1740-1780. W.W. Norton & Company (ISBN 0393965333), p. 564-567 (1995).

Bakgrunnsstoff endre