Wikipedia-diskusjon:Import

Henting av nynorske artiklar frå no: endre

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 20:28 (UTC)
Sjølv om det ikkje er så uhorveleg mange artiklar på nynorsk på no, så er det både til gagns for oss (litt fleire artiklar) og eit fint samarbeidstiltak med Bokmålswikipediaen om vi er med på oppryddinga der: Leit opp dei nynorsk artiklane, kopiér over hit dei som ikkje finst på Nynorsk Wikipedia allereie, oppdatér interwikilenkjene (hugs nn:/no:) og merk artiklane med {{nn}} øvst. Eg har begynt på arbeidet, men det er fint om fleire blir med. :-) Olve 15. mai 2005 kl. 0509 (UTC)

Lagt til ein del fleire {{nn}}-malar på no ved hjelp av google-søk på "ikkje", "vert" og "medan". Bjarte 15. mai 2005 kl. 0616 (UTC)
Fint det ja! :-) Om du har tid, så kan du gjerne leggje inn interwikilenkjer til nn òg der artiklane allereie finst. Det er praktisk å leggje dei øvst i lista i tillegg til på alfabetisk plass akkurat no; dette gjer det enklare å sjå kvar artiklane allereie finst på nynorsk. :-) Andre ord som er greie å søkje på (for den som treng fleire idéar) kan t.d. vera «gammal», «gamal», «mellomalder(en)», «kyrkje(r)», «kyrkja», «son», «dei» (gjev nokre italiensk-treff), «deira», «honom», «tek», «dreg», «kjem», «vart», «vore», «dagar», «øyar», «båe», «fleire», «meir(e)», «utan», «føre» (kan rett nok gjeva nokre skitreff), «noko(n)» osv. :-) Olve 15. mai 2005 kl. 0627 (UTC)

Omsetjing frå bokmålswikipedia endre

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:32 (UTC)
Eg ser at nokre artiklar har oppgjeve bokmåls-wikipedia som kjelde. Er dette naudsynt? Når ein artikkel er omsatt er han vel ein ny og sjølvstendig tekst? --Karstein 14. august 2005 kl. 14:27 (UTC)

Eg plar skrive dette i samandraget (altså ikkje som kjeldevisning i artikkelen): "Omarbeidd frå no:", "Omsett frå no:"... Dette er god folkeskikk og verdfull historikk å ta med seg. --Bep 14. aug. 2005 kl. 15:43 (UTC)
På den engelske wikipediaen finst desse retningslinjene:
http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Cite_sources/example_style
Sjå også: http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Cite_sources --Jorunn 14. august 2005 kl. 16:06 (UTC)
Hvis artikkelen blir endra og utvida, bør ein vel ta vekk denne kjeldevisninga? Det er likevel ein god ide å ha det i samandraget. --Karstein 14. august 2005 kl. 16:32 (UTC)
Om Bokmålswikipediaen (eller Svenska Wikipedia eller English Wikipedia o.a.) er ei vesentleg kjelde til artikkelen, så bør dette alltid oppgjevast under kjelder. Det einaste unntaket eg kan komma på er om bokmålswikipediaartikkelen er ei minispire på éi eller to liner — der er det etter mi personlege meining nok å oppgje kjelda i redigeringssamandraget. Kjeldertilvisingar bør aldri fjernast frå kjeldebolken anna enn i heilt spesielle fall der kjelda var dokumenterbart misvisande brukt og/eller fagleg tvilsam i seg sjølv — og dei falla òg helst berre etter diskusjon om dette. -- Olve 14. august 2005 kl. 19:00 (UTC)

Eg er forresten ny på Wikipedia. Eg skriv diverre ikkje perfekt nynorsk, og treng å øve meg. Eg vil gjerne medverke på både nynorsk- og bokmåls-wikipedia. --Karstein 15. august 2005 kl. 10:09 (UTC)

Tilbake til prosjektsiden «Import».