Wikipedia-diskusjon:Kategorisering
Sortering av *-bolken i kategoriar
endreFlytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 10:00 (UTC)
Mange kategoriar har ein *-bolk på toppen med overordna artiklar, som t.d. Kategori:Fuglar der Fugl står øvst og ikkje under «F». Her skriv ein t.d. [[Kategori:Fuglar|*]]
i staden for [[Kategori:Fuglar]]
i artikkelen om fugl. Men det kan fort bli rotete viss det er meir enn eit par-tre slike artiklar i ein kategori, fordi *-bolken vanlegvis ikkje er sortert. Dette skjedde t.d. i Kategori:Grunnstoff før det blei gjort ei opprydning. Opprydninga gjekk ut på å skriva både * og artikkelnamnet, t.d. [[Kategori:Grunnstoff|*Grunnstoff]]
, i dei artiklane det gjaldt. Då vil *-bolken sorterast på det som står bakom *. Generelt kan ein skriva [[Kategori:Kategorinamn|{{PAGENAME}}]]
, eller [[Kategori:Kategorinamn|*{{PAGENAME}}]]
, og malen {{PAGENAME}}
vil henta inn artikkelnamnet automatisk. --Eddi (Snakk) 24. juli 2005 kl. 05:00 (UTC)
- Dette synest eg høyrest greitt ut. Det kan gjerne inngå i eit sett med kategoriseringsreglar.
- --Verdlanco\ordskifte 11. september 2005 kl. 10:51 (UTC)
Nord-amerikanarar, søramerikansk, m.m.
endreFlytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:28 (UTC)
Det finst ein kategori:Nord-amerikanarar. Om ein slår opp på Nord-Amerika på sida geografiske namn hos språkrådet, les eg nordamerikanar/nordamerikaner, nordamerikansk. Kan hende er det tidlegare diskusjonar eller avgjerd på det her på wikipedia som eg ikkje finn, men skal ein følgje tilrådingar hos Språkrådet skal alle slike samansettingar skrivast utan bindestrek. (På ei annan sida har man òg tilråding om å bruke bindestrek for å lette lesinga som strir mot dette..) Unntak er nokon geografiske namn som må skrivast med bindestrek t.d. Sør-Vestlandet, Sør-Afrika. Finst det noko offisielt om det her på wikipedia? Spørsmålet gjeld òg artikkelnamn som Det sør-afrikanske flagget. Dette hadde vore fint om nokon samanfattar på t.d. Wikipedia:Rettskriving slik at vi skriv sånne ord på eit einsarta vis, spesielt som kategorinamn og artikkelnamn. Eg har eit liknande spørsmål på mi diskusjonsside. roarjo 13. august 2005 kl. 08:59 (UTC)
- Der det er korrekt å ha full samanskriving utan bindestrek skal den samanskrivne forma brukast her. Dette gjeld t.d. nordamerikansk, nordafrikansk, indoeuropeisk, sørafrikansk... Dette er dekt av kravet om å følgje hovudformer i gjeldnde rettskriving i alle artikkel- og kategorinamn. -- Olve 14. august 2005 kl. 19:05 (UTC)
Samiske (og andre) kategoriar)
endreFlytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:58 (UTC)
Eg sitt og ser på kategorieseringane av dei samiske artiklane, dei er alt anna enn gode. Nynorsk wikipedia er ikkje det opplagte førstevalet for mange samiskinteresserte, så ein god metastruktur er viktig for å få fram det vi har, og det vi etter kvart får. På den andre sida er mange nn-brukarar språkinteresserte, og mange er elevar i skolen, der dei etter læreplanane skal lære om samisk kultur og språk. Når eg ser på kategoriane, finn eg under "personar" anna enn personar, og eg finn i det heile ingen god nomenklatur. Eg er klår over at dette ikkje er nokon konstruktiv kritikk, akkurat, men det trengst litt blanke ark. Den same kritikken kan også rettast mot mange andre kategoriar, framforalt fordi vi i mange tilfelle ikkje har kategorimerka artiklane våre. Men altså: Korleis bør ein god nomenklatur sjå ut, og korleis kan vi få presentert breidda (!) i artiklane våre? Trondtr 22. august 2005 kl. 05:00 (UTC).
- Eg trur faktisk dei samiske artiklane våre er eit spesielt svakt punkt når det gjeld kategoriseringa — mykje fordi dette emnet ikkje har hatt nokon gjennomgang av kategoriseringa enno. Dei fleste artiklane er faktisk temmeleg nye... Eg vil føreslå at vi tek for oss oppbygging av kategoristruktur for dei samiske artiklane i dei neste dagane. Eit mål bør vera at kvar artikkel skal kunna finnast ut frå minst to—fire rimelege innfallsvinklar. Dette kan t.d. vera:
- språkgruppe (t.d. Kategori:Samiske språk);
- folkegruppe (t.d. Kategori:Sørsamar);
- geografisk område (t.d. Kategori:Nord-Trøndelag, Kategori:Sør-Trøndelag)
- Vi bør helst tenkje på kategoriseringa som «ein vev av innfallsvinklar» heller enn «éin måte å sortere alt på». Under Kategori:Sørsamar kan det til å begynna med vera naturleg å ha både folk og folkekultur — er det kanskje dét du meiner med at det under personar finst anna enn personar? Det er da òg slik at artikkelen sørsamar skal handle om både personar og folkekultur...
- Eg har litt dårleg tid akkurat no, men skal prøve å vera med på denne jobben i løpet av måndagen/tysdagen lokal tid her (NY, USA). -- Olve 22. august 2005 kl. 05:22 (UTC)
- Vev, ikkje hierarki, absolutt. Og ein fjerde innfallsvinkel er den tematiske. Trondtr 22. august 2005 kl. 06:01 (UTC).
Kategoriar
endreFlytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 14:13 (UTC)
Korleis er det råd å få ei skikkeleg oversikt over kva kategoriar som finst? Det er jo ikkje så oversiktleg no, at det kun vert lista ut ei lang alfabetisk liste utan at den (såvidt eg ser) er søkbar. I tillegg vert jo alle dei numeriske kategoriane lista først, dei som i mine auge er dei minst nyttige. Kan jo vere greitt å på ein enkel måte få sjå om det finst ein brukbar kategori til det ein skriv, istadenfor å lage ein ny ein...
Roger 4. september 2005 kl. 12:25 (UTC)
- Kategori:Kategoriar er éin ende å taka det frå. Ein annan innfallsmåte er å gå til ein artikkel om eit liknande emne, klikke på ei relevant kategorilenkje der, og så klikke deg opp i hierarkiet eitt og eitt hakk og sjå kva kategoriar som ligg der. -- Olve 4. september 2005 kl. 15:20 (UTC)
- Greitt nok det, men det er framleis ikkje nokon (lett) måte å komme over litt malplaserte kategoriar, eller oppedaga alle kategoriane som kan vere aktuelle? Reknar med dette går på fundamentale ting i programvara som kanskje ikkje er så lett å gjere noko med.... Eg skal då alltids greie meg... :-) Roger 4. september 2005 kl. 16:59 (UTC)
- Det er eit par spesialsider som kan lista kategoriar på ulike måtar. --Guttorm 11. september 2005 kl. 12:37 (UTC)
Kategoriar som bit seg i halen
endreFlytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 14:16 (UTC)
Frå wikistats: Circular references found
- Kategoriar > Kultur > Litteratur > Bøker > Oppslagsverk > Wikipedia > Kategoriar
- Samfunn > Daglegliv > Ting > Bøker > Oppslagsverk > Wikipedia > Kategoriar > Samfunn
Det er kategoriseringa av Kategori:Wikipedia som eit oppslagsverk, og/eller Kategori:Kategoriar som ein underkategori av Wikipedia, som skapar problem. Kva for ein av desse er det greiast å sløyfa for å unngå rundkøyring? Elles er jo oversikta langt frå fullstendig (samanlikn t.d. bokmål), men det kan henda det stoppa opp i rundkøyringane... --Eddi (Snakk) 7. september 2005 kl. 08:48 (UTC)
Brukarar
endreEg har eit framlegg til litt endringar på kategori:Wikipedantar. Trur vi kunne fått mykje meir ut av den kategorien eigentleg, om vi hadde rydda litt...
Innimellom kan det vera behov for å kontakte wikipedantar som har spesialkunnskap (f.eks. utdanning) innan eit område. Eit døme var ved omsetjing i samband med Nobelprisen i medisin for ikkje lengje sidan. Viss ein har vore ein del på nn-wikipedia, veit ein etter kvart kva ein del av brukarane kan best, men dette hadde ein kunna fått vist på ein eller annan måte.
I første omgang tenkjer eg meg at ein kan laga f.eks. kategori:Språkpedantar, kategori:Medisinpedantar, kategori:Økonomipedantar... Fysikk? Matematikk? Andre?
Synspunkt på korleis dette kan gjerast best? Kanskje vi bør putte alle kategoriane i ein kategori som heiter «Wikipedantar etter interesseområde» eller noko liknande? Kan laga tilsvarande kategoriar med «WP etter språk» og «WP etter geografisk tilknyting». --Erlend 11. okt. 2005 kl. 13:09 (UTC)
- Eg syns forslaget ditt er bra eg. Dei føreslåtte kategoriane ser bra ut og kan puttast inn i kategori:Wikipedantar eller ein underkategori av han. --Guttorm 12. okt. 2005 kl. 07:51 (UTC)
- Det var bra. Da lagar eg ein underkategori som eg kallar «Wikipedantar etter interessområde». (Blir for sterkt å krevje fagtilknyting eller utdanning, trur eg... Folk får bruke litt skjøn når dei kategoriserer seg sjølv!) Så opprettar eg nokre område og set dei første folka i bås. :P Dei som eg veit kva driv med. Eg trur det beste er å bruke dei same fagområda som for spiremerkinga. --Erlend 12. okt. 2005 kl. 09:36 (UTC)
- Da er det gjort. Så får folk berre kategorisere seg vidare! Sjå kategori:Wikipedantar etter interesseområde. --Erlend 12. okt. 2005 kl. 10:32 (UTC)
- Glimrande tiltak! Eg har kategorisert meg. Og eg har fulgt opp med å laga Kategori:Wikipedantar etter geografi der eg la inn fylkeskategoriane for wikipedantar (og samtidig flytta dei ut frå Kategori:Wikipedantar. Neste ut kunne kanskje vera Kategori:Wikipedantar etter språkmakt med alle babel-kategoriane? --Eddi (Snakk) 12. okt. 2005 kl. 17:19 (UTC)
Tomme kategoriar
endreFølgjande er kopiert frå Kategoridiskusjon:Hacking
- Nei, det er ikkje så lurt -- då vil ein som legg kategorien inn i ein artikkel sjå han som blå og rekna med at han finst. -- Ranveig 18. april 2006 kl. 06:35 (UTC)
- Fint det -- du har teke ein skikkeleg ryddesjau, ser eg! -- Ranveig 18. april 2006 kl. 06:41 (UTC)
- Jau, eg prøvar! :-)
- Den ligg tydelegvis godt her framleis :-) Men eg kopierar delen om å ikkje ta vare på den tomme kategorien til Wikipedia-diskusjon:Kategorisering#Tomme kategoriar
Ovanforståande er kopiert frå Kategoridiskusjon:Hacking